Agape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agapemåltid. Illustrasjon frå katakombane i Roma.

Agape er eit gammalgresk ord for kjærleik som blir nytta innan kristendommen om Gud sin kjærleik til menneskja og om nestekjærleik mellom menneske.[1] I oldkyrkja blei agape brukt av kristne om fellesmåltidet, eller kjærleiksmåltidet, som ophavleg var ein del av nattverden.

«Agape» skil seg frå andre typar kjærleik, som eros. På latin er dei tilsvarande orda caritas for agape og amor for eros. Andre former for kjærleik som skil seg frå agape er til døms erotisk kjærleik, foreldrekjærleik og kjærleik mellom vennar.[1]

Agape blir mykje brukt i Det nye testamentet og sjeldnare utanfor.[1] Der blir det mellom anna brukt om å elska fienden sin. Når det heiter at Gud elskar verda, og at menneske skal elska Gud, er det «agape» som er brukt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Amundsen, Leiv; Tjønneland, Eivind (10. desember 2018). «agape». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Agape