Agaton Sax och Byköpings gästabud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agaton Sax och Byköpings gästabud
Forfattar(ar)Nils-Olof Franzén

Agaton Sax och Byköpings gästabud frå 1963[1] er den sjette romanen til Nils-Olof Franzén om detektiven Agaton Sax. I denne boka er Agaton Sax i Byköping heile tida, til skilnad frå dei andra bøkene i serien, der han er rundt omkring i Europa.

I motsetnad til dei fleste andre Agaton Sax-bøkene er ikkje Agaton Sax och Byköpings gästabud omsett til norsk. I 1976 vart det laga ein animasjonsspelefilm med same namn som bygde på boka.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Til stor overrasking for Agaton Sax kjem dei to storforbrytarane Octopus P. Scott og Julius Mosca til han i Byköping og ber om hjelp mot Scotland Yard. Dei gjev seg ut for å vere uskuldige dobbeltgjengarar av storforbrytarane. Planen deira er å kidnappe Agaton Sax.

I Byköping er det bygd eit nytt stort høghus. Det skal innviast med ein stor middag der alle dei viktigaste personane i byen er innbodne (Agaton Sax var sjølvsagt boden). Skurkane har tenkt å slå til ved dette høvet.

Endå meir innvikla vert det heile av at dei verkelege dobbeltgjengarane til skurkane, Absalom Nick og Charlie MacSnuff, kjem til Byköping. Dit kjem også Lispington, som arresterer alle som liknar forbrytarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Agaton Sax och Byköpings gästabud». Svensk Filmdatabas. Henta 5. oktober 2019.