Agn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå åte.
Aks av villrug med agner

Agn (frå norrønt ǫgn) er eit hår- eller bustliknande vedheng på ein større del, eller som i tilfelle med Asteraceae, ein stiv nålaktig del på fnokken.

Agner er typisk for mange grasartar (Poaceae), der dei går ut frå lemmaene på dei små blomane, og kan ofte gje graset ein hårete utsjånad. Agner kan vera lange (fleire cm) eller korte, rette eller bøygde, og sitja enkeltvis eller mange per blome.

Hos nokre artar kan agna gje eit viktig bidrag til fotosyntesen, til dømes hos bygg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]