Bygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bygg


Hordeum-barley.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Slekt: Hordeum
Art: H. vulgare
Vitskapleg namn
Hordeum vulgare

Bygg (Hordeum vulgare) er ei kornplante av grasfamilien. Bygg høyrer til byggslekta og har frø som blir brukte til mat for menneske og dyr, og til å laga drykker som øl og whiskey. Byggevula er den mest dyrka og eldste kornarten i Noreg. Den var den hovudkornet til mat fram til 1900-talet, brukt både til flatbrød, graut, øl og til Bygg er eit svært hardført kornslag som til og med toler kaldare vêr enn rug og større saltinnhald i jorda enn kveite. Dyrka bygg kjem frå den ville byggplanta (Hordeum spontaneum) som framleis veks i Midtausten.

Bygg er eit svært hardført kornslag som til og med toler kaldare vêr enn rug og større saltinnhald i jorda enn kveite. Dyrka bygg kjem frå den ville byggplanta (Hordeum spontaneum) som framleis veks i Midtausten.

Spirande byggkorn

Botanikk[endre | endre wikiteksten]

Bygg er ein eittårig art som tilhøyrar grasfamilien (Poaceae), og innan kveitestamma (Triticeae), der vi også finn kveite og rug. Desse artane er i nær slekt, men bygg er ikkje kryssbar med dei andre. Bygg er lett å kjenne på dei lange snerpa, tynne og rue čhår’ som står opp av kvart småaks. Vi har to slags bygg: torada, med eitt stort og to sterile frø i kvart småaks, eller seksrada bygg med  tre litt mindre frø. Mogne ser det ut som aksa har to eller seks rader med frø. Bygg er ein diploid art med 14 kromosom. Bygg er ein sjølvbefruktar og blir dyrka som reine liner (ein homozygot genotype)[1].

Agronomi og økologi[endre | endre wikiteksten]

Bygg  har stor genetisk variasjon når det gjeld stresspåkjenningar. Ved utval kan ein utvikle byggsortar som toler salt, sur eller vassjuk jord, og som er sterke mot sjukdomar. Den viktigaste sjukdomen i norsk bygg er i dag bladflekksjukdomar og Fusarium, som kan danne mykotoksin (soppgifter). Alt norsk korn blir kontrollert ved levering til mottaka.[2] 

Bygg er dyrka i eit stort spektrum av miljø, frå høgproduktive område kring Nordsjøen, tørrland med ned mot 300 mm nedbør i Midt-Austen og høgfjell til over 4000 m.o.h. i Etiopia, Andes og Tibet. Bygg er hos oss vårsådd, men kan også bli sådd om hausten. Vinterbygg er bare herdig nok i Danmark og Sør-Sverige, men er blitt prøvd lengst sør i Østfold og Vestfold. Det mest vinterherdige bygget finn vi i Aust-Asia, der bygg er sådd om hausten etter hausting av ris.[1]

Her i landet blir det dyrka seksrada sortar der vekstsesongen er kortast, fordi dei blir tidlegast mogne. Seksradsbygget hadde fram til 1920-talet nordgrensa for korndyrking på verdsbasis i Alta i Finnmark (70 grader nord), truleg ført dit med den finske innvandringa frå Tornedalen. I dag er seksradsbygget igjen i sterk ekspansjon i Nord-Skandinavia og på Island. Toradsbygg er tradisjonelt meir varmekjært og blir mest dyrka i sørlege delar av Norden.[3]

Opphav og historie[endre | endre wikiteksten]

Bygg stammar frå den ville Hordeum spontaneum som veks vill frå Levanten til Afghanistan. Den er eit torada vinterbygg. Vårbygg og seksradsbygg er utvikla frå denne. Kjenneteinet på dyrka former er at aksstilken er seig så ikkje småakset (frøet) fell av. Seksradsbygg og nake bygg (utan fastsitjande agner) er også kulturplanteeigenskapar[4]. Bygg kom til Norden kring 4000 f.Kr.[5] (4)og har sidan vore ein hovudkornart her. I bronsealderen dyrka ein nake bygg utan fastsitjande agner, men i den kjølegare Jernalderen blei dekt seksradsbygg det vanlege[6].

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Bygg er på verdsbasis brukt til fôr, mat og malt for øl- og whiskyproduksjon. Kvalitetskriteria til fôr er i første rekke eit høgt innhald av karbohydrat (stivelse) og protein. Til malt må kornet ha ei høg tusenkornvekt, spire raskt og ha eit lågt innhald av protein.

Bygg blir brukt i høg grad til mat i ganske få land, som Etiopia og Tibet. Bygg inneheld 6-8% av løyselege kostfiber (betaglukan). Fordi dei reduserer innhaldet av kolesterol i blodet, og elles på blodsukker, tarmfunksjon og tarmkreft, er det i Europa og USA tillate å reklamere med at bygg er sunt for helsa. Bygg er ikkje glutenfritt. Dei siste åra har nye byggprodukt til mat blitt marknadsført her i landet til frokostblanding, grøt, knekkebrød, middagsgryn og brød av bygg. [7]

Tradisjonar og kultur[endre | endre wikiteksten]

Det norrøne namnet bygg tyder ”det som ein dyrkar” (jfr. å bygge,  tysk bauen, å dyrke). Det gamle namnet konn er universelt for det viktigaste kornet i eit land, jfr. at bygg heiter korn i Sverige og mais corn i USA. Tradisjonane knytt til ølbrygging er svært omfattande med ein rikhaldig litteratur.[3]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Bygg er verdas fjerde største kornart i produksjon, kring 145 mill. tonn. Russland er det største enkeltlandet, men EU-27 har kring 60 mill. tonn (40%)[8]. Dei er og størst som eksportør (10 mill. tonn. 35%), følg av Russland og Australia (kvar 5 mill. tonn, 18%). Forbruket av øl og dermed prisen på malt har stige sterkt dei seinare åra, og det er i visse år knapp tilgang på verdsmarknaden. Av ei årsavling på 140+/-10 mill. tonn går 92 mill. tonn (66%) til fôr, 28 mill. tonn (19%) til malt, 9 mill. tonn (6%) til såkorn og 6 mill. tonn (4%) til mat . Av 21 mill. tonn ferdig malt blei 19,5 brukt til øl. I Tyskland, Norge og Sverige er det bare lov til å bruke byggmalt til øl. I andre land blir stivelse frå mais, ris m.m. brukt.

Ranga Land Mengd i tonn
1 Russland 15 388 704
2 Tyskland 10 343 600
Frankrike 10 315 900
4 Canada 10 237 900
5 Spania 10 057 600
6 Tyrkia 7 900 000
Ukraina 7 561 650
Australia 7 471 592
9 Storbritania 7 092 000
10 Argentina 4 705 160
11 USA 4 682 735
Verda 144 755 038

.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Pourkheirandish M, Komatsuda T. (2007) «The Importance of Barley Genetics and Domestication in a Global Perspective.» – Ann Bot., bind 100/5), s. 999.1008.
  2. Felleskjøpet (2016). Norsk matkorn – krav til KSL.
  3. 3,0 3,1 Pourkheirandish M, Hensel G, Kilian B, Senthil N, Chen G, Sameri M, et al. (2015) «Evolution of the grain dispersal system in barley.» – Cell, bind 162(3), s. 527-539.
  4. Komatsuda T, Pourkheirandish M, He C, Azhaguvel P, Kanamori H, Perovic D, et al. (2007) «Six-rowed barley originated from a mutation in a homeodomain-leucine zipper I-class homeobox gene.» – Proceedings of the National Academy of Sciences., bind 104(4), s. 1424-1429.
  5. Sørensen L, Karg S. (2014) «The expansion of agrarian societies towards the north–new evidence for agriculture during the Mesolithic/Neolithic transition in Southern Scandinavia.» – Journal of Archaeological Science., bind 51, s. 98-114.
  6. Bakkevig S. (1998) «Problemer i bronsealderens korndyrking på Forsandmoen, Rogaland, SV-Norge.» – Arkeologisk Museum Stavanger - Varia., bind 33, s. 55-62.
  7. Norsk Landbruk (2015).
  8. FAO Statistical Yearbooks - World food and agriculture (2016).