Hopp til innhald

Grasfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Poaceae)
Grasfamilien
Bambusen Phyllostachys aurea
Bambusen Phyllostachys aurea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Barnhart, 1895
Grassletter i Indre Mongolia.
Maisåker i USA.
TussokgrasSør-Georgia.

Grasfamilien er ei stor gruppe einfrøblada dekkfrøplantar som veks over nesten heile verda. Ho omfattar over 10 000 ville og dyrka artar og er den femte største plantefamilien[a][1] I Noreg finst kring 160 grasartar, fordelte på kring 60 slekter.

Grassletter utgjer rundt 20 % av vegetasjonsdekket på jorda. Grasplantar veks også i andre habitat, som skog, tundra og våtmark. Grasfamilien er økonomisk svært viktig, i og med at alle kornsortane høyrer til her. Korn vert skilt frå dei andre artane som gruppa åkervekstar. Dei viktigaste grasplantene er mellom anna havre, rug, bygg, kveite, ris, mais, durra, sukkerrøyr, bambus, timotei og raps.

Grasliknande vekstar som siv, sjøgras og halvgras høyrer ikkje til grasfamilien.

Gras til mat og fôr[endre | endre wikiteksten]

Grasplantene har vore nytta av menneske frå førhistorisk tid og har vorte nytta som mat til menneske i form av korn og som fôr til husdyr.

Frå gras til mat er det mogne frøet (kornet) den viktigaste delen av planta. Kornet blir sådd om våren, i våronna, og hausta om hausten, i skuronna.

Frå gras til fôr er det blada og stenglane som utgjer den viktige delen av avlinga. Gras til fôr blir beita direkte eller vert hausta fleire gongar i sesongen (slåttonn) og vert konservert anten ved tørking til høy eller vert ensilert som surfôr i tårnsilo, plansilo eller rundballar.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stevens, P.F. «Angiosperm Phylogeny Website». Henta 7. oktober 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Grasfamilien