Aguinaldo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den filippinske leiaren, sjå Emilio Aguinaldo.

Aguinaldo er ein type latinamerikansk folkemusikk som byggjer på gamle spanske julesongar. Han blir tradisjonelt framført ved juletider av parrandas, uformelle grupper av familie og vener som går frå hus til hus og syng. Omgrepet kan også visa til julegåver, til dømes pengar gjevne som belønning til julebukkar.

Puerto Rico[endre | endre wikiteksten]

Puerto Rico byggjer aguinaldo på den gamle iberiske musikkforma villancico, som i dag typisk tyder 'julesong' på spansk. Musikken blir spelt i samband med julehøgtida og heilagetrekongarsdagen 6. januar.

Ein kan framføra aguinaldo i omvandrande grupper som går julebukkaktig frå hus til hus, overraskar verten med song og får servering for framføringa. Songane blir også sungne i kyrkjer. I tillegg blir det spelt mykje aguinaldo på radio ved julehøgtidene.

Tradisjonelle instrument er klimpreinstrumenta bordonúa, tiple og cuatro, blåseinstrumentet carracho eller güiro og rytmeinstrumentet maracas. I nyare tid har gitaren ofte erstatta bassgitaren bordonúa. I dag er det også vanleg å bruka trommer kalla pandereta plenera, messingblåseinstrument og anna til musikken, som no har mykje til felles med musikkforma seis. Kjende aguinaldoar kan framførast som rein instrumentalmusikk, til dømes pa cuatro.

Ein aguinaldosong er typisk bygd opp som ein decimilla, det vil seie av ti linjer som kvar har seks stavingar. Opphavleg hadde songane djupt religiøst innhald, men etterkvart laga ein også improviserte tekstar om meir kvardagslege tema, som julefeiringa, mat og drikke og tidvis til og med triste emne.

Døme på songar er «De la Montaña Venimos» og «A Las Arandelas», som kan brukast som inngangssongar, bøner om mat og drikke som i «Si me dan pasteles» og «Si no me dan de beber», religiøse songar som «Rosa Blanca» og «Los Tres Reyes Santos». Elles har aguinaldoar ofte namn etter staden ekker tilhøva dei kom frå, som «Aguinaldo cagueño», «Aguinaldo jíbaro» og «Aguinaldo de costa».

Venezuela[endre | endre wikiteksten]

I Venezuela er aguinaldo ein type julesong som vanlegvis har seks vers.

Trinidad[endre | endre wikiteksten]

Trinidad er aguinaldo eller serenal ein type julesong innan parang- eller parrandasjangeren, som kom til Trinidad og Tobago frå Venezuela.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Musikkdøme