Julebukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julebukk frå Polen
Julebukkar som pynt på eit juletre.
Foto: Udo Schröter

Julebukk eller julegeit (svensk julbock, julgumse, dansk julebuk, juleged, finsk olkipukki) er eit fleirtydig omgrep med røter i førkristen juletradisjon og bondekultur. Julebukk var dels namnet på geitebukken som blei slakta til jul, dels namnet på ein bukkefigur som dukka opp då, anten som ein oppsett figur eller som ein utkledd person. Julebukk viser au til «å gå julebukk», altså å kle seg ut og gjennom opptreden be om mat og drikke i romjula, på nyårsafta eller 13. dag jul. Det finst liknande skikkar i heile Europa. Ein bruker også framleis bukkar til å pynta til jul, særleg i form av store og små halmbukkar.[1]

Bukk eller geit som juleånd[endre | endre wikiteksten]

Bukkehovud brukt til å kle seg ut som julebukk på 1700-talet.
Foto: Wolfgang Sauber

Julebukken eller julegeita var lenge sett på som eit vesen som stadig kom nærare i førjulstida. Han passa på at juleførebuingane gjekk rett føre seg, og at alle fekk nye klede til jul. Julaftan kom julebukken heilt inn i huset. Mange stader var julebukken rekna som ein av deltakarane i Oskoreia.[2]

Geiteslakting[endre | endre wikiteksten]

Frå norrøn tid var det vanleg å slakta ein bukk eller ei geit til jul. Dette blei sett på som lukkebringande, til dømes ved at ein ville få eit godt år. Geit som julemat blei mindre vanleg mot nyare tid, men skikken med å slakta ei geit til jul var framleis i hevd i Vest-Skottland på 1700-talet.[3]

Bukkefigur[endre | endre wikiteksten]

Julebukken i Gävle.

Ein kunne laga ein bukkefigur av halm og brukt han til pynt eller leik til jul. Ein svensk skikk var å gøyma julebukken hjå naboane. Desse skulle så prøva å usett ta han tilbake. Det er blitt vanleg å ha små og store halmbukkar, gjerne pynta med raude band, som julepynt. Dei minste bukkane kan henga på juletreet, medan dei største, som den tretten meter høge Gävlebocken, blir sett opp som utandørs juledekorasjonar.

Utkledning som bukk[endre | endre wikiteksten]

Det var vanleg for unge menn å kle seg ut som denne bukken og vitja folk. Bukkeskikkelsen var ofte skremmande, og kunne utstyrast med horn, skinnfell, og kanskje ein ekte bukkeskalle, gjerne med ei snor slik at han kunne opna og lukka munnen, horn og stativ til å halda det oppe. Julebukken kunne òg sverta ansiktet. Han kunne koma inn og spørja om folk hadde vore snille i året som var gått, likt den seinare julenissen. Dei som gjekk julebukk kunne ganske enkelt visa fram julebukken eller framføra songar eller spel om han. Ofte «døydde» bukken under ein slik opptreden, før han plutseleg blei sprell levande igjen. Bukkeleiken er blitt knytt til dyrking av Tor, både fordi bukken som døyr og blir levande igjen minner om guden sine bukkar Tanngrisnir og Tanngnjóstr, og fordi julebukken kunne utstyrast med ein trehammar som minner om Tor sin hammar.

I løpet av 1600-talet endra synet på bukken seg, og ein likna skikkelsen med Djevelen. I Danmark fekk julebukken etterkvart meir og meir preg av ein djevel eller ei skremmande julevette, eller blei til ei utkledd dokke som var ein slags motsats til jesusbarnet. I Noreg og Sverige endra skikken seg mindre frå mellomalderopphavet sitt.[4]

Forbod og forvandling[endre | endre wikiteksten]

Den eldste nedskrivne omtalen ein har av julebukkegang er frå Danmark i 1543, då Peder Palladius åtvara folk mot rangling og ulovleg natteopptreden som dette.[5] Den danske regjeringa la ned forbod mot å halda julesamlingar (Julestue) der julebukkar kunne opptre, men skikken heldt seg likevel på landet i heile Skandinavia fram til 1800-talet. Julebukkopptredenar blei også forbodne av politimesteren i Bergen i 1840-åra.[6]

I løpet av dette hundreåret endra likevel julefeiringa form, og julebukkvesenet med det. I Sverige blei det vanleg at ein Julbock kom med gåver, og bukken blei etter kvart ein julenisse.[7]

Utkledde ungar på julefrimerke frå Ukraina. Å kle seg ut og synga julesongar for å få god mat som løn er den vanlegaste tydinga av «julebukk» i dag.

Julesongar og -leikar blei meir respektable, og det blei lagt større vekt på jula som ei høgtid for barn. I moderne tid er det helst ungar som går julebukk, gjerne utkledd som nissar. Dei ringer på dører i nabolaget, syng julesongar og får gjerne julekaker, frukt eller godteri som takk. Det er vanleg å gå julebukk i romjula, nokre stader på særskilde dagar. I Bergen blir det helst gjort på nyttårsaftan, i nokre svenske område på tjuandedagen. I Dalane i Rogaland går ein «lossi» den 12. desember.

Liknande skikkar[endre | endre wikiteksten]

Rumenske masker med horn, brukte til feiringar frå jul til påske.
Foto: Joe Mabel

Skikkar der ein kler seg ut som dyr, framfører songar og spel og går på vitjing er kjend frå heile Europa. I tillegg til geit kunne folk framstilla hest, ku, sau, bjørn og drake. Medan julebukken helst var skandinavisk, finn ein og døme på utkledde bukkar som dansar i Romania.[8] I sveitsiske Ubersitz feiringar kan ein Schnabelgeiss, ein skapning med nebb og bukkehorn, opptre. Elles var utkledning som hjort vanleg i Aust-Europa. Ein finn kyr i kontinentale Vest-Europa, som La Vaquilla i Soria-området i Castilla, eller i Basse Sombre i Belgia, der kua Limodge blir teken ut på tur saman med ein dyrlege som stadig må lega henne.[9]

I England var det vanleg å ha ein opptreden med ein «hobby horse», ein mann utkledd som hest, ofte rundt juletider men også i samband med May Day og andre tradisjonelle feiringar. Hestar opptrer ofte i samband med morrisdansarar, mummerspel eller wassailsongarar. Ein finn også spreidde døme på andre dyr, som sauebukken Old Tup, oksen ved Stourton og hjortejakt i Devon Stag Hunt.[10]

Kyrkjefedrar åtvara ofte mot skikkane, mellom anna oppfordra den heilage Augustin til streng straff mot den som kledde seg ut som hest eller hjort. Biskopen av Barcelona tala mot hjorteutkleding på 300-talet, provençalske Caesarius av Arles åtvara mot å la seg vitja av utkledde hjortar eller kalvar på 400-talet, og på 600-talet kritiserte den heilage Isidor av Sevilla «spanske heidningar» som kledde seg ut som kyr og oksekalvar og sprang laussleppte rundt.[9]

Til den nyare julebukkfeiringa kan ein likna den svenske luciadagfeiringa og engelsk-amerikanske halloween. Ho kan òg knytast til tradisjonar med omreisande julesongarar som bad om pengar i ei skål. Det blei rekna som uheldig å ikkje gje dei noko.[11]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Svenska Akademiens ordbok: julbock
  2. schulze.no Arkivert 2008-12-05 ved Wayback Machine., som oppgjev desse kjeldene> Knut Anders Berg, Liv Berit Tessem, Kjetil Wiedswang, Julen i norsk og utenlandsk tradisjon, Gyldendal 1993; Per Holck, Merkedager og gamle skikker, Cappelen 1993 og Ørnulf Hodne, Norsk Folketro, Cappelen, 1999
  3. "GOAT killed at Christmas", A Dictionary of Superstitions, Ed. Iona Opie and Moira Tatem. Oxford University Press, 1996.
  4. Troels Frederik Troels-Lund, Dagligt Liv i Norden i det sekstende Aarhundrede, Fjerde Udgave, 1914
  5. Peder Palladius, En Visitatsbog: «Al Natdrik og utilbørlig Nattevagt, som er Hvegehors, Hvidebjørn, Julebuk, Huggetønde, Daaretønde i Bryllup og andet saadant er altsammen aflagt til Landsting under Kongens Sværd, hvo der findes med.»
  6. Troels Frederik Troels-Lund, Dagligt Liv i Norden i det sekstende Aarhundrede, Fjerde Udgave, 1914
  7. A. Kellgren Cyriax, «Swedish Christmas Customs», Folklore, Vol. 34, No. 4 (Dec. 31, 1923), pp. 314-321
  8. The Romanian Peasant's Museum, «The Masks Customs»
  9. 9,0 9,1 Violet Alford, «The Hobby Horse and Other Animal Masks», Folklore, Vol. 79, No. 2 (Summer, 1968), pp. 122-134
  10. «hobby horses» og «Old Tup», A Dictionary of English Folklore. Jacqueline Simpson and Steve Roud. Oxford University Press, 2000. Oxford Reference Online
  11. «CAROL SINGERS», A Dictionary of Superstitions, Ed. Iona Opie and Moira Tatem. Oxford University Press, 1996. Oxford Reference Online.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Julebukk