Aidan av Lindisfarne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aidan av Lindisfarne
Saint Aidan.jpg
Biskop av Lindisfarne
FødestadConnacht
Daud31. august 651
DødsstadBamburgh
Yrkemisjonær, katolsk prest
Helgendag31. august

Heilage Aidan av Lindisfarne var ein irsk munk og misjonær i Storbritannia. Han var den første biskopen av Lindisfarne, og er best kjend for å ha grunnlagd Lindisfarne kloster.[1][2]

Aidan har fått æra for å ha innført kristendommen igjen til Northumbria, og er blitt kalla «Northumbrias apostel». Han reiste mykje gjennom landet og misjonerte, både blant kongar og adelege og blant dei fattige og mateslause, medrekna barn og slavar. Han grunnlag eit kloster med domkyrkje på øya Lindisfarne, kjend som Lindisfarne kloster, og var den første biskopen der. Han

Han er rekna som helgen i den anglikanske kyrkja, den katolske kyrkja og ortodoks kristendom.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aidan stamma frå Irland, og namnet hans var eigentleg det gammalirske Áedán. Beda, som gjev ei lang og detaljert skildring av livet hans, har lite å seia om bakgrunnen hans. Han var munk ved øya Iona utanfor vestkysten av Skottland frå relativt ung alder.[3] Han var kjend for å vera strengt asketisk.[4]

I åra før Aidan verka som misjonær hadde kristendommen, som hadde spreidd seg i Storbritannia udnder romartida, gått tilbake og i stor grad blitt fortrengd av angelsaksisk heidenskap. Som ungdom i eksil budde den framtidige kong Oswald of Northumbria på Iona, der heilage Columba frå Irland hadde skipa eit kloster. Oswald blei døypt og svor å bringa kristendommen tilbake til folket sitt. I 634 fekk han sjansen til dette då han vann trona i Northumbria.[5]

Oswald bad om å få misjonærar frå Iona, i staden for dei romersk-tilknytte klostera i Sør-England.[4] Først sende dei han biskopen Cormán, men han var særs streng og blei dårleg likt av folket. Han vende tilbake til Iona og melde at folk i Northumbria var for stae til å bli omvende. Aidan kritiserte metodane til Cormán, og blei så send i hans stad.[6] Han blei biskop i 635.[7]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Saint Aidan». Encyclopedia Britannica. Henta 21. august 2016. 
  2. «Saint Aidan of Lindisfarne». The holy island of Lindisfarne. Henta 21. august 2016. 
  3. Bede, Ecclesiastical History of the English Nation (Book III) Medieval Sourcebook; David Hugh Farmer, The Oxford Dictionary of Saints. (Oxford; New York: Oxford University Press, 1997), s. 8.
  4. 4,0 4,1 "St. Aidan the Bishop of Lindisfarne", Orthodox Church in America
  5. Baring-Gould, s, 63–70.
  6. Kiefer, James E., «Aidan of Lindisfarne, Missionary», Biographical Sketches of memorable Christians of the past", Society of Archbishop Justus. 29. august 1999
  7. Fryde, et al. Handbook of British Chronology s. 219

  • Attwater, Donald and Catherine Rachel John. The Penguin Dictionary of Saints. 3rd edition. New York: Penguin Books, 1993. ISBN 0-14-051312-4.
  • Baring-Gould, S. (Sabine). The Lives of the Saints. With introduction and additional Lives of English martyrs, Cornish, Scottish, and Welsh saints, and a full index to the entire work. Edinburgh: J. Grant, 1914.
  • Butler, Alban. Lives of the Saints, Edited, revised, and supplemented by Herbert Thurston and Donald Attwater. Palm Publishers, 1956.
  • Farmer, David Hugh. The Oxford dictionary of saints (5th ed. Rev. utg.). Oxford: Oxford University Press. ISBN 9780199596607. 
  • Fryde, E. B.; Greenway, D. E.; Porter, S.; Roy, I. (1996). Handbook of British Chronology (Third revised utg.). Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 0-521-56350-X.