Aikido

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aikido.

Aikido (合気道, aikidō), er ein japansk kampkunst (budo) utvikla av Morihei Ueshiba som eit resultat av kampkunsten han hadde studert og den filosofiske og religiøse bakgrunnen han hadde. Tanken hans var å utvikle eit system der ein kan forsvare seg utan at den som går til åtak, vert skada. Harmoni er viktig for ein aikidoutøvar. Teknikkane i aikido er hovudsakleg sett saman av kast og låsing av ledd. Ein trener også ein del med trevåpen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggjaren Morihei Ueshiba i Tokyo 1939

I hovudsak utvikla Ueshiba aikido frå daitō-ryū aiki-jūjutsu som er ein retning av jujutsu som han studerte direkte hos utviklaren av denne stilretninga, Takeda Sokaku. Ueshiba studerte også andre japanske kampkunstar der i blant judo. Mykje av den tekniske strukturen i aikido baserte han på sverdkunsten kenjutsu. På 1930-talet fekk kampkunsten til Ueshiba eit særpreg, og han kalla kunsten «aikibudo». I 1942 vart aikido det offisielle namnet på kunsten under standardiseringa av japansk kampkunst støtta av regjeringa.

Ordet «aikido» er sett saman av tre japanske skriftteikn:

  • 合 - ai - sameine, harmonisere
  • 気 - ki - ande, livsenergi
  • 道 - - veg, retning

Stilartar[endre | endre wikiteksten]

Ueshiba utvikla aikido så lenge han levde slik at kunsten stadig vart meir harmonisk. Han hadde mange elevar på ulike stadie av denne utviklinga. Det oppstod såleis mange stilretningar av aikido. Stilretninga som Ueshiba sjølv vidareutvikla, aikikai, er den mest utbreidde. Stilretningen aikikai vert leia av etterkomarane til Ueshiba. Desse leiarane vert kalla doshu. Staden ein trenar kampkunst vert kalla dojo, og hovudsetet for aikido vert kalla hombo dojo og ligg i Tokyo i Japan.

Nedanfor følgjer eit oversyn over ulike stilretningar og kven som grunnla dei.

Stilretning Grunnleggjar Levetida til grunnleggjar
Aikikai Morihei Ueshiba 1883 – 1969
Aikido Yuishinkai Koretoshi Maruyama 1936 -
Aiki-Osaka Hirokazu Kobayashi 1929 – 1998
Iwama Ryu Morihiro Saito 1928 – 2002
Iwama Shinshin Aiki Hitohiro Saito 1957 -
Korindo Minoru Hirai 1903 – 1998
Shin-Shin-Tōitsu-Aikidō Kōichi Tōhei 1920 -
Shinei Taido Noriaki Inoue 1902 – 1994
Shodokan Kenji Tomiki 1900 – 1979
Tendoryu Kenji Shimizu 1940 -
Yoseikan Minoru Mochizuki 1907 – 2003
Yoshinkan Gozo Shioda 1915 – 1994

Gradering og påkleding[endre | endre wikiteksten]

Utøvarar i kvite drakter - den mest røynde med det svarte bukseskjørtet som vert kalla hakama.

Som andre kampkunstar og kampsportar har aikido ei rekkje trinn i opplæringa, og ein graderer seg for kvart trinn. Den første graderinga er sjette kyu (elevgrad) som krev at ein har grunnleggjande kjennskap til nokre av dei vanlegaste teknikkane. Med jamn trening kan ein ta ein gradering om lag kvart halvår, og avansere oppover til første kyu. For born under 15 år har ein tolv eigne mon-gradar. Når barna vert 15 år kan dei konvertertere mon-graden sin til ein høveleg kyu-grad. Når ein kjenner dei fleste teknikkane godt, kan ein gradere seg til første dan (meistergrad). For dan-gradering høyrer også forsvar mot trevåpen og forsvar mot fleire personar med. Den høgaste graden ein graderer seg til, er fjerde dan. Det tek mange år å avansere frå første til fjerde dan - lenger og lenger tid for kvar grad. Endå høgare dan-grader kan etter særleg innsats for kampkunsten tildelast. No er 8. dan den høgaste graden som vert gjeven. Den høgste tildelte graden tidlegare er 10. dan. Det er hovudsetet for aikido (homobo dojo) som tildeler dan-grader.

Påkledinga liknar den andre japanske kampkunstar nyttar: enkle kvite bukser og ei kvit jakke ein knyter om seg med eit belte. Sidan aikido inneheld ein del grep, nyttar ein gjerne eit tjukt vove stoff slik som i judo, men ein kan også nytte drakter med tynnare stoff slik som ein nyttar i karate. I dei dyrare prisklassane er det også utvikla spesielle aikidodrakter. Dei fleste stilretningane i aikido nyttar også eit vidt bukseskjørt som heiter hakama. Dette er oftast svart eller mørkt blått. I dag er som regel hakama reservert for dei som har nådd eit visst dugleiksnivå, i Noreg oftast graden tredje kyu. Så lenge ein har kyu-grad nyttar ein kvitt belte. Utøvarar med dan-grad nyttar nesten alltid svart belte. (I andre kampkunstar og kampsportar har ein i vesten teke til å nytte ulike fargar på belta for dei forskjellige kyu-gradane.) For å oppmuntre ungane får dei gjerne kvite belte med langsgåande stripe med ulik farge for dei forskjellige mon-gradene.

Grad Belte Farge Type
kyū Kvitt mudansha / yūkyūsha
dan Svart yūdansha

Teknikkar[endre | endre wikiteksten]

Uke kallar ein den personen som simulerer eit åtak. Den personen som forsvarer seg med aikidoteknikken vert kalla nage, tori eller shite alt etter stilretning. Ein røynd utøvar må også takle åtak frå fleire samstundes. For det meste trenar ein på teknikk som ein på førehand har avgjort (kata), men ein kan også verta samde om å utføre åtak og forsvarsteknikk fritt (randori).

I aikido er det eit viktig prinsipp å nytte krafta til den som går til åtak mot denne slik at denne kjem ut av balanse. Forsvarsteknikken i aikido krev at ein står i likevekt. Vidare nyttar ein krafta frå vektstongsprinsippet og rotasjonskraft for å få motstandaren over ende. Her er det viktig med fallteknikk for den som går i bakken. Ein nyttar også låseteknikkar på ledda til motstandaren.

Innleiande åtak[endre | endre wikiteksten]

Simulerte slag vert nytta slik at ein har noko å forsvare seg mot. Simulerte spark vert stort sett nytta av røynde utøvarar fordi den som går til åtak då treng spesielt god fallteknikk når han vert kasta over ende. Særleg for nybyrjarar kan den som går til åtak, gripe tak i den som skal forsvare seg.

  • Vertikalt handkantslag mot framsida av hovudet (正面打ち, shōmen'uchi)
  • Diagonalt handkantslag mot sida av hovudet/halsen (横面打ち, yokomen'uchi)
  • Knytteneveslag mot bryst eller mage / midtre region (胸突き, mune-tsuki / 中段突き, chūdan-tsuki / 直突き, choku-tsuki)
  • Knytteneveslag ansiktet / øvre region (顔面突き, ganmen-tsuki / 上段突き, jōdan-tsuki)
  • Griping av det eine handleddet til motstandaren med éi hand (片手取り, katate-dori)
  • Griping av det eine handleddet til motstandaren med begge hender (諸手取り, morote-dori)
  • Griping av begge handledda til motstandaren (両手取り, ryōte-dori / 両片手取り, ryōkatate-dori)
  • Griping om eine skuldra til motstandaren (肩取り, kata-dori)
  • Griping av begge skuldrene til motstandaren (両肩取り, ryōkata-dori)
  • Griping tak i jakkebrystet til motstandaren (胸取り, mune-dori / 襟取り, eri-dori)

Forsvarsteknikkar[endre | endre wikiteksten]

Første teknikk - ikkyo.
To variantar av ikkyo: omote og ura.

Dette er mykje brukte halde- og kasteteknikkar den som skal forsvare seg, nyttar:

  • Første teknikk (一教, ikkyō) tek tak i olbogen og handleddet til motstandaren
  • Andre teknikk (二教, nikyō) bøyer handleddet til motstandaren
  • Tredje teknikk (三教, sankyō) vrir armen til motstandarden, olbogen peikar opp
  • Fjerde teknikk (四教, yonkyō) tek tak med i underarmen til motstandaren med begge hender
  • Femte teknikk (五教, gokyō) tek tak i obogen og handleddet som første teknikk, men faldar armen innover - passar til avvæpning
  • Kast i fire retningar (四方投げ, shihōnage) faldar handa til motstandaren bak skuldra
  • Retur av underarmen (小手返し, kotegaeshi) kast som følgje av låsing av handleddet til motstandaren
  • Pustekast (呼吸投げ, kokyūnage) ulike flytande kast
  • Inngangskast (入身投げ, iriminage) kast der den som forsvarar seg går bak den som utfører åtaket
  • Himmel-og-jord-kast (天地投げ, tenchinage) startar med ryōte-dori; den som forsvarer seg har ei hand lågt og ei hand høgt
  • Hoftekast (腰投げ, koshinage) den som forsvarer seg, har hoftene sine lågare enn hoftene til den som går til åtak, og vippar denne rundt
  • Armane-i-kryss-kast (十字投げ, jūjinage) eit kast som låser armane i kryss
  • Rotasjons-kast (回転投げ, kaitennage) forsvararen svingar armen til den som går til åtak bakover heilt til skuldra låser seg, og pressar så framover for å kaste

Dei fleste teknikkane finnest i to variantar: Omote der ein går mot framsida til motstandaren og ura der ein roterer på baksida av motstandaren.

Våpen[endre | endre wikiteksten]

Våpen brukt i Aikido (Jo ,Jo ,Bokken med scabbard, bokken, shoto, tanto).

Ein nyttar stundom våpen laga av tre i treninga. Rørslene i uvæpna aikido er for øvrig inspirert av tradisjonell kamp med sverd. Våpen som vanlegvis vert brukt, er ein stav som vert kalla jo, eit tresverd som heiter bokken på japansk, og trekniv som ber namnet tanto.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]