Ajuva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ajuva
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 2 950 km²
Lengd 193 km
Kjelde Timanskijfjella
Munning Izjma

Ajuva er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Izjma frå høgre i nedslagsfeltet til Petsjora.

Ho er 193 km lang og har eit eige nedslagsfelt på 2950 km². Den største sideelva hennar er Bonyjo.

Ajuva har utspringet sitt på austsida av Timanskijfjella. Ho renn først vestover og så sørover. Breidda er skogkledd og særs myrlendt.

Etter å ha mottatt Vonju Ajuva snur ho vestover og munnar ut i Izjma nær byen Sosnogorsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]