Izjma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Izjma
elv
Land Russland
Kjelde Timanhøgdene
Munning Petsjora
Lengd 531 km km
Nedslagsfelt 31 000 km² km²
Vassføring
 - middel 203 m³/s (154 km frå munningen) /s
Wikimedia Commons: Ijma (rivière)

Izjma (russisk Ижма) er ei elv i Republikken Komi i Russland. Ho er ei av sideelvane til Petsjora frå venstre. Elva har ei lengd på 531 km og eit nedslagsfelt på 31 000 km². Elva frys til i november og vert først isfri att i mai.

Dei største sideelvane er Ukhta, Ajuva og Sebys.

Izmja har utspring ved Timanhøgdene. Dei øvre delane elva er skogkledd, medan dei nedre delane består av enger og myrområde. Elva er svingande og dei øvre delane inneheld fleire stryk. Elva munnar ut i Petsjora ved Sosnogorsk.

Izmja er framkommeleg opp til Ukhta. I dei nedre delane dannar elva meander og inneheld fleire småøyar. Ho renn ut i Petsjora ved Ust-Izjma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]