Petsjora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Sjå også byen Petsjora
Petsjora
elv
none
Land Russland
Nedslagsfelt 325 000 km²
Lengd 1 809 km
Petsjoras nedbørfelt og sideelvar
Petsjoras nedbørfelt og sideelvar
Wikimedia Commons: Pechora River

Petsjora (komi og russisk печора) er ei stor elv i det europeiske Russland, i Republikken Komi og i Nenetsia. Petsjora er 1809 km. lang, og har eit nedbørsfelt på 325 000 km². Det er stor skipsfart på Petsjora.

Petsjora har kjeldene sine i Uralfjella aust for Ust-Iljitsj, søraust i Komi, og renn nordover gjennom Jaksja, Ust-Ilytsj, Troitsko-Petsjorsk, Vuktyl, Petsjora og Narjan-Mar før ho ved Nosovaja renn ut i Petsjorahavet i Barentshavet. Kjeldene til Petsjora og sideelva Ilytsj er eit verna naturområde kalla Petsjora-Ilytsj naturresrvat.

1990-talet var det store oljeutslepp på oljeselskapet Komineft si røyrleidning, noko som førte til stor ureining av Petsjora.

Dei største sideelvane hennar er Unja, Nordre Mylva, Lemju, Kozjva, Lyzja, Izjma, Pizjma, Vel, Tsilma og Sula frå venstre, samt Ilytsj, Sjtsjugor, Usa, Jorsa, Laja og Sjapkina frå høgre.