Akhurjan
| Akhurjan | |||
| armensk Ախուրյան tyrkisk Arpaçay russisk Ахурян | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 9 500 km² | ||
| Lengd | 186 km | ||
| Kjelde | Arpisjøen i Shirak i Armenia | ||
| • høgd | 2 023 moh. | ||
| Munning | Aras nær Bagaran | ||
![]() Akhurjan 41°04′04″N 43°39′12″E / 41.0677°N 43.6534°E | |||
| Wikimedia Commons: Akhurian River | |||
Akhurjan er ei elv i dei sørlege områda av Kaukasus. Ho har sitt utspring i Armenia, og strøymer langs grensa til Tyrkia, og fungerer som den geografiske grensa mellom dei to landa. Til slutt munnar ho ut i elva Aras, som ei sideelv, nær Bagaran. Akhurjan har eit nedslagsfelt på om lag 9 500 km2 og er 186 km lang.
Gjumri, den nest største byen i Armenia, ligg på austsida av elva. Langs Akhurjan finn ein også fire av dei tolv tidlegare hovudstadane i Armenia: Ani, Bagaran, Jervandasjat og Sjirakavan.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Då den bysantinske hæren kom til provinsen Sjirak i 1041, samla armenske adelsmenn (nakhararar) seg i lag mot dei, kommandert av Pahlavuni-generalen Vahram Pahlavouni. Vahram samla saman 30 000 infanteristar, og eit kavaleri på 20 000 og danna tre divisjonar som kjempa mot bysantinarane. [1] Slaget som følgde enda med at bysantinarane vart slakta. Kampane skal ha vore så kraftige at all blodet som rann ut i Akurjan farga vatnet raudt. [2][1] Bysantinarane etterlét 20 000 omkomne. Sigeren gjorde at Vahram Pahlavuni i lag med katolikos Petros Guedadarts kunne krone Gagik II som konge av Armenia og så ta festninga i Ani, som var i hendene på Vest Sarkis.
Brua over Akhurjan
[endre | endre wikiteksten]Brua over Akhurjan kan gå heilt tilbake til Bagratuni-dynastiet.[3], men sannsynlegvis er ho frå 1200-talet. Ein inskripsjon ein har funne i nærleiken seier at det vart gjort arbeid på vegen fram til brua tidleg på 1300-talet.[4]
Brua var bygd opp av ein enkel boge, som i dag har fall ned, og berre høge landfeste, som kan ha vore del ein av ein kraftig port, står igjen.[4] På 1800-talet fortalte reisande om eit vakthus like ved brua, men dette har gått tapt.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 History of Armenia by Father Michael Chamich from B.C. 2247 to the Year of Christ 1780, or 1229 of the Armenian era – Side 124 av Mikajel Tsjamtsjiants
- ↑ History of Armenia: From B.C. 2247 to the Year of Christ 1780, Or 1229 of the Armenian Era – Side 124 av Michael Chamich, John Audall, Mikajel Tsjamtsjiants, Hovhannēs Avdaleants – 1827
- ↑ A system of geography, popular and scientific: or A physical, political, and statistical account... – Side 143 av James Bell – 1832
- 1 2 3 «THE BRIDGE OVER THE AKHURIAN RIVER». VirtualANI.

