Akito Watabe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akito Watabe
FIS Worldcup Nordic Combined Ramsau 20161217 DSC 7702.jpg
Verkeleg namn japansk 渡部 暁斗
Fødd 26. mai 1988
Hakuba
Akito Watabe på Commons

Akito Watabe (fødd 26. mai 1988) er ein japansk kombinertrennar frå Hakuba. Han vann VM-gull med Japan i ei lagtevling under ski-VM 2009 og fekk OL-sølv i N+10-tevlinga under vinter-OL 2014. Watabe vart nummer to i verdscupen i kombinert 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Watabe debuterte i verdscupen i kombinert i mars 2006. Under ski-VM 2009 i Liberec overraska Watabe og Japan med å vinne lagtevlinga. I slutten av januar 2010 kom han i Seefeld for fyrste gong på sigerspallen i eit individuelt renn i verdscupen, der han vart nummer tre.

Vinteren 2012 slo Watabe seg inn i verdseliten med fire sigrar i verdscuprenn i løpet av fem veker i februar-mars. Han enda på andreplassen i verdscupen i kombinert, overgått einast av Jason Lamy-Chappuis frå Frankrike. Også 2013-sesongen vart ein god sesong for Watabe. Trass i at han ikkje makta å vinne noko tevling i verdscupen, men vart nummer to heile fem gongar, klarte han ein tredjeplass i verdscupen i kombinert.

Heller ikkje i 2014 har Watabe makta å vinne eit verdscuprenn. Jamt måtte han sjå seg slått av verdseinaren Eric Frenzel frå Tyskland, så også då dei to åleine kjempa om OL-gullet i tevlinga med hopp i normalbakken, etterfylgd av 10 km i langrennsløypa. Som fleire gongar tidlegare viste Frenzel seg som ein sterkare avsluttar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]