Seefeld in Tirol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seefeld
Seefelds plassering (blå prikk) i Austerrike

Seefeld in Tirol er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 17,4 km² og i kring 3 300 ibuarar. Landsbyen Seefeld ligg 1180 meter over havet, på ei høgslette mellom Wettersteingebirge og Karwendel, ved ein historisk ferdselsveg mellom Mittenwald og Innsbruck.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Staden er nemnd fyrste gongen i året 1022. Frå 1300-talet var det ein valfartstad som drog nytte både av dei talrike pilegrimane, men særleg av stapelretten Seefeld hadde som marknadsplass mellom Augsburg og Venezia. Ebenfalls seit dem 14. Jahrhundert wurde im Ort Tiroler Steinöl gewonnen und weithin gehandelt. Allereie før 1900 var Seefeld ein kjær utfartsstad for ferierande og har sidan 1930-åra vore eit kjent vintersportsentrum. Både under vinter-OL 1964 og vinter-OL 1976 vart skiskytings-tevlingane og dei aller fleste øvingane i nordiske greiner arrangert i Seefeld. I 1985 var kommunen arrangørstad for VM på ski i nordiske greiner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]