Aksehelling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aksehelling er eit astronomisk omgrep som ser på vinkelen rotasjonsaksen ein planet har i forhold til baneplanet til planeten.

Aksehellinga blir beskrive som vinkelen gjort av ein halvdel av planetaksen og halvdelen av ei line dratt gjennom planetsentrum og vinkelrett til baneplanet.

Aksehellinga kan au beskrivast som forholdet mellom baneplanet og eit plan vinkelrett på planetaksen. I solsystemet vårt er baneplanet til jorda kjent som ekliptikken, og dermed er ofte aksehellinga kalla vinkelen til ekliptikken.

Jorda har ei aksehelling på 23,45°. Aksen peikar i same retning heile året, men ettersom jorda går i bane rundt sola vil den eine halvkula gradvis bli vippa mot og frå sola. Dette skapar det vi kjenner som årstider. Den halvkula som vender mot sola får flest soltimar kvar dag, og sollyset treffer bakken nærare vertikalt midt på dagen og gir da fra seg meir varme.

Aksehellinga til jorda varierer mellom 21,5° og 24,5° med ein periode på 41 000 år. Akkurat nå minkar ho, og var 24,049 3300 f.Kr., 23,443 i 1973 og 23,439 i 2000. Retninga på hellingsaksen opplev ein presesjon som gjer at han lagar ein sirkel på himmelen i løpet av 25 800 år. Andre faktorar kan au endre aksehellinga til jorda (og andre planetar).

Gjennom tid endrar aksepresesjonen kvar jorda står i banen i forhold til når årstidene skjer (presesjonen til vårjamdøgnpunktet). Dette har liten effekt på mengde innstråla solenergi når banen er sirkulær, men når jordbanen er svært elliptisk (sjå milankovitsjsyklane) kan effekten vera svært stor på årstidene.


Sjå au[endre | endre wikiteksten]