Presesjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Presesjonen til eit gyroskop.

Presesjon er eit fysisk fenomen som oppstår når aksen til ein roterande lekam «slingrar», medan den vert utsett for ei kraft utanfrå. Fenomenet kan ein lett sjå på ein snurrande snurrebass, men alle roterande lekamar kan faktisk syne presesjon.

Jorda sin presesjon[endre | endre wikiteksten]

Jorda er ein roterande lekam. Rotasjonasaksen heller om lag 23,5 grader i forhold til normalen til solbanen, men aksen preseserer med ein periode på ca. 25 800 år. Det betyr at himmelen sin nordpol og sørpol, i tillegg til himmelen sin ekvator ser ut til å flytte seg i forhold til fiksstjernene i løpet av hundreåra.

Dette virkar òg inn på jamndøgerpunkta, sidan dette er avhengig av kor himmelen sin ekvator ligg. I antikken låg jamndøgerpunktet i stjernebiletet Vêren, men i dag har det flytta seg langt inn i Fiskane. I framtida vil det flytte seg inn i Vassmannen («Vassmannens tidsalder»), og så vidare.

Nutasjon[endre | endre wikiteksten]

Astronomisk nutasjon er ei lita liten periodisk endring av retninga til jordaksen i forhold til stjernehimmelen. Himmelpolen skildrar i løpet av 18,6 år (den sideriske omlaupstid for knutane til månebanen) ein ellipse med storakse 18,4ʹʹ retta mot polen til ekliptikken. Nutasjonen er overlagra på presesjonen. Nutasjonen vart oppdaga av James Bradley i 1736.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]