Aksion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit aksion er ein elementærpartikkel som i følgje kvanteteorien for kvarkar og kjernekrefter skal finnast. Aksion dukkar opp i ei forklaring om at alle prosessar som kan skje med vanleg materie, ikkje vert endra om ein byter ut alle partiklane med spegelbilete av deira antipartiklar.

Om aksiona finst og dei viser seg å ha låg masse innanfor eit visst intervall, så kan dei utgjere ein del av kald mørk materie.

Partikkelen vart foreslått i 1977 av Roberto Peccei og Helen Quinn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]