Boson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Boson (og fermion) er to forskjellige grupper partiklar innan kvantemekanikken.

Boson er partiklar der mangepartikkelbølgjefunksjonen er symmetrisk ved ombytte av to partiklar. Denne eigeneskapen vert kalla Bose-Einstein statistikk. Spinn-statistikk teoremet seier at boson har heiltalig spinn, og dette er trudd å gjelde utan unntak i tre dimensjonar. (Unntak finst i to dimensjonar, sjå anyon.) Mange typar partiklar er boson, til dømes elementærpartiklar slik som foton, samansette partiklar slik som heliumisotopen He og kvasipartiklar slik som fonon.

Boson er kalla opp etter fysikaren Satyendra Nath Bose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]