Fermion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit fermion er ein partikkel som har halvtalig spinn og difor følgjer dei pauliprinsippet og oppfyller Fermi-Dirac-statistikken. Elektron, proton og nøytron er fermionar. Spinn-statistikk-teoremet gjev at fermionar har halvtalig spinn. Ein måte å sjå for seg spinn på er at partikler med 1/2 spinn, det vil sei fermionar, må gjennomføre to heile rotasjonar for å returnere til den opphavlege tilstanden sin.

Alle elementærpartiklar er anten fermionar eller boson. Partikler som er sett saman av fermionar kan anten vere boson (slik som meson) eller fermionar (slik som baryon) avhenging av det samanlagte spinnet deira.

Elementærpartiklane som materie består av fermionar som enten høyrer til kvarkane (grunnsteinane i proton og nøytron) eller leptona (slik som elektron og nøytrino). Pauliprinsippet for fermion er årsaka til at elektronskala i atom er stabile, noko som gjer kompleks kjemi mogeleg. Det gjer òg degenerert materie mogeleg å vere stabilt under ekstreme trykk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]