Al Khor-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°41′34″N 51°32′56″E
Al Khor
Jazirat bin Ghanim
øy
AlKhorIslandScenery.jpg
Vegetasjon på Al Khor
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Koordinatar 25°41′34″N 51°32′56″E
Qatar location map.svg
Locator Red.svg


Al Khor, òg kalla Jazirat bin Ghanim, er ei øy og ein arkeologisk funnstad utafor nordaustkysten av Qatar. Det er den einaste staden i landet der det er gjort arkeologiske funn som går heilt attende til det andre tusenåret fvt.[1] Øya har vore busett i fire hovudperiodar, datert så tidleg som kring 2000 fvt. til så seint som 1900-talet. Øya er mest kjend for drifta av ein kassittisk-kontrollert purpurfargeindustri på 1000-talet fvt.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Steinalderen[endre | endre wikiteksten]

Ein har ikkje funne avgjerande spor på at øya var busett i yngre steinalder.[3] Ein har derimot oppdaga fleire steinalderleirar og potteskar frå Ubaid kring 6 km aust for øya.[4] Ein har gjetta på at øya vart vitja av desse steinaldermenneska.[5]

Tidleg Dilmun-tid[endre | endre wikiteksten]

Keramikk frå Dilmun-sivilisasjonen indikerer at øya var nytt til den Bahrain-baserte sivilisasjonen frå kring 2000 til 1750 fvt.[2] Keramikk datert til tidleg i Dilmun-tida består hovudsakleg av mellomstore krukker og kokekar.[2] Ein kan ha oppretta busetnader i Dilmun-tida for reisande mellom Bahrain og dei nærmaste, viktigare busetnadane i Persiabukta, Tell Abraq. Eit anna forslag går ut på at vitjande fiskarar eller perledykkarar hadde leir på øya. Funn av keramikk i området indikerer òg at det kan ha vore handel mellom innbyggjarane på Al Khor og Dilmun-sivilisasjonen, men dette er usannsynleg fordi det var få innbyggjarar i Qatar på denne tida.[6]

Kassitt-tida[endre | endre wikiteksten]

Kassitane dreiv ein purpurfargeindustri på øya frå kring 1400 til 1100 fvt.[2] Det var òg handelssamband mellom innbyggjarane i Qatar og kassittane.[1][7] Ein har funne kring tre millionar knuste snigleskal og kassittiske potteskar.[8] Det er påstått at øya er den tidlegaste kjende staden for denne typen purpurfargeproduksjon.[9][10] Fargen kom frå sniglen Murex og fekk namnet «tyrisk fiolett».[8] Den raudbrune fargen i det qatarske flagget vart dels valt på grunn av purpurfargeindustrien på denne øya.[11][12]

Sasanidane[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne lekamar frå seint i sasanidetida, frå kring 400 til 600.[2]

Sein islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Al Khor var busett i sein islamsk tid, frå kring 1700 til 1900.[2]

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Mission Archéologique Français à Qatar, ein fransk team leia av Jacques Tixier, gjorde dei arkeologiske funna her i 1976.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Casey, Paula; Vine, Peter (1991). The heritage of Qatar (print utg.). Immel Publishing. s. 15. ISBN 978-0907151500. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Carter, Robert Jr.; Killick, Robert (2014). Al-Khor Island: Investigating Coastal Exploitation in Bronze Age Qatar (PDF). Moonrise Press Ltd. s. 40. ISBN 978-1910169001. 
  3. Carter, Robert Jr.; Killick, Robert (2014). s. 30.
  4. Carter, Robert Jr.; Killick, Robert (2014). s. 5.
  5. Carter, Robert Jr.; Killick, Robert (2014). s. 41
  6. Carter, Robert Jr.; Killick, Robert (2014). s. 43
  7. Magee, Peter (2014). The Archaeology of Prehistoric Arabia. Cambridge Press. s. 50, 178. ISBN 9780521862318. 
  8. 8,0 8,1 «Qatarsk historie» (PDF). www.qatarembassy.or.th. Ministry of Foreign Affairs. Qatar. London: Stacey International, 2000. Henta 24. oktober 2016. 
  9. Khalifa, Haya; Rice, Michael (1986). Bahrain Through the Ages: The Archaeology. Routledge. s. 79, 215. ISBN 978-0710301123. 
  10. Sterman, Baruch (2012). Rarest Blue: The Remarkable Story Of An Ancient Color Lost To History And Rediscovered. Lyons Press. s. 21–22. ISBN 978-0762782222. 
  11. «Al Adaam.. History of a Nation». Qatar e-Government. Henta 28. januar 2015. 
  12. «The Purple Island: A natural wonder amidst the desert». Qatar Tribune. 13. oktober 2013. Henta 25. oktober 2016. 
  13. «Prospections et fouilles au Qatar» (PDF). Maison Archéologie & Ethnologie, René-Ginouvès. Henta 25. oktober 2016.