Purpur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tyrisk purpur.
Murex brandaris, purpursneglen.

Purpur (gresk πορφύρα, porphyra; latin: purpura) er eit lilla fargestoff som truleg først vart framstelt av fønikarar i antikken frå purpursnigelen (murex). Det er vorte kalla for tyrisk purpur, ved at det kom frå fønikiske byen Tyr, og kongeleg purpur, ved at det var så kostbart det vart assosiert med dei kongelege. Fargestoffet var eit naturleg purpurraud farge som vart verdsett høgt i antikken sidan det ikkje bleikna, men faktisk vart meir skinande og intens i fargen med vêrpåkjenning og sollys.

Ifølgje segna vart fargen oppdaga av Herkules, då hunden hans kom tilbake etter å ha togge på ein snigel, med munnen farga av purpur. Utgravingar tyder på at minoaraneKreta kan ha framstelt purpur, i så fall fleire hundreår før fønikarane.

Purpurfargen var mergeleg populær blant den romerske overklassa, og purpurfarga stoff var ein av dei dyraste luksusartiklane som fanst. Fargen vart framstelt ved at sniglar vart samla i store fat og sett til å rotne. Ein veit lite om den vidare prosessen, men stanken frå dei millionane av rotnande singlane som må ha gått med til purpurproduksjonen var ille nok til at det vart særskilt nemnt av forfattarane i antikken. Fargesubstansen bestod av eit slimsekret frå kjertelen i ein av dei fleire store rovsniglane som er funne i den austlege delen av Middelhavet. Desse er sjøsniglane Bolinus brandaris, torna farge-murex, (opphavleg kjent som Murex brandaris (Carl von Linné, 1758)), den stripa farge-murex Hexaplex trunculus, og steinskalla Stramonita haemastoma.[1][2] Fargestoffet er ein organisk samansetnad av brom, ein klasse samansetnad som ofte finst i algar og ein del anna sjøliv, men langt sjeldnare i biologien til landdyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ziderman, I. I. (1986): «Purple dye made from shellfish in antiquity» i: Review of Progress in Coloration, 16: 46-52.
  2. Radwin, G. E. and A. D'Attilio, (1986): Murex shells of the world. An illustrated guide to the Muricidae, s. 93, Stanford University Press, Stanford, California, USA, ss. 284 inkl 192 figurer. & 32 pls.