Alain Aspect

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alain Aspect
Alain-Aspect-ForMemRS.jpg
Fødd15. juni 1947
Agen
NasjonalitetFrankrike
Områdekvanteteori
Yrkefysikar
InstitusjonarInstitut d'optique Graduate School
Alma materÉcole normale supérieure Paris-Saclay
MedlemDet franske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Royal Society
Académie des technologies
Det austerrikske vitskapsakademiet
Academia Europaea
Haut Conseil de la science et de la technologie

Alain Aspect (fødd 15. juni 1947) er ein fransk fysikar.

Han har vore forskingsdirektør ved Centre National de la Recherche Scientifique (CNRS, Institutt for teoretisk og bruksoptikk), Institut d'Optique Orsay, og professor ved École Polytechnique. Han tok doktorgraden i 1983 ved Orsay med avhandlinga Experimental Tests of Quantum Mechanics by Bell's Inequalities. Her skildrar han det kjende Aspect-eksperimentet. Aspect har òg forska eksperimentelt på kvanteeigenskapane til lyset og gjort eksperiment med laseravkjøling av atom.

Han har fått mange prisar og er medlem av Det franske vitskapsakademiet frå 1994.