Alan Freed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alan Freed
Alan Freed 1957.JPG
Fødd 15. desember 1921
Windber
Død

20. januar 1965
Palm Springs

Alan Freed på Commons

Alan Freed (15. desember 192120. januar 1965), òg kjend som Moondog, var ein amerikansk DJ som vart internasjonalt kjend for å marknadsføre afroamerikansk rhythm and blues-musikk på radio i USA og Europa som rock and roll, og vert rekna som den første som kalla musikksjangeren dette. Mange store afroamerikanske artistar frå den første generasjonen rock and roll-artistar (som Bo Diddley, Little Richard og Chuck Berry) har hylla Alan Freed for haldningane han hans som var med å bryte ned rasegrensene for ungdomen på 1950-talet i USA. Karrieren hans vart øydelagd av payola-skandalen som råka kringkastingsindustrien tidleg i 1960-åra. Han gjekk ut på at radiokanalar fekk betalt av plateselskap for at dei skulle spele artistane deira.

Freed døydde 43 år gammal i Palm Springs i California i 1965 av urinforgifting og skrumplever etter mange år med alkoholmisbruk. I 1986 vart Freed ein del av den første gruppa som vart medlem av Rock and Roll Hall of Fame, som vart bygd i Cleveland til ære for Freed sin medverknad i marknadsføringa av rockesjangeren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]