Kaldera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete av Santorini sin kaldera, danna av det minoiske utbrotet rundt 1600 f.Kr.

Ein kaldera eller caldera er ei vulkansk landform som har oppstått når overflata har kollapsa ned i eit tomt magmakammer etter eit vulkanutbrot. Dei vert ofte forveksla med vulkankrater. Ordet «kaldera» kjem frå spansk og tyder 'stor gryte' eller 'kittel'.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Ein kaldera oppstår når landmassar fell ned i eit tomt magmakammer under vulkanen, vanlegvis etter eit stort utbrot. Om det vert slynga ut nok magma vil ikkje det tomme magmakammeret klare å støtte opp vekta av fjellet over kammeret. Det oppstår sprekker rundt kanten av kammeret, vanlegvis i ei sirkelform, og desse sprekkene kan så fungere som vulkanventilar. Når magmakammeret vert tømd byrjar senteret av vulkanen å kollapse. Dette kan oppstå som følgje av eit enkelt massivt utbrot eller i fleire stadium som følgje av ei rekkje utbrot. Det totalet området som har kollapsa kan verte hundrevis eller tusenvis av kvadratkilometer stort.

Satellittbilete av Tobasjøen. Ein gjenoppliva dom danna øya Samosir.

Eksplosive kalderaer[endre | endre wikiteksten]

Om magmaen er rik på silika vert kalderaen ofte fylt med ignimbritt, tuff, rhyolitt og andre vulkanske bergartar. Silikarik magma renn sakte eller har høg viskositet. Som følgje av dette vert ofte gassane stengd inne under høgt trykk i magmaen. Når magmaen kjem nær jordoverflata utvidar gassen seg raskt, skapar eksplosjonar og spreier vulkansk oske over store område. Det kan sprøytast ut meir lava og midten av kalderaen vert ofte løfta og dannar ein gjennoppliva dom ved påfølgjande intrusjon av magma. Ein kiselhaldig eller rhyolittisk kaldera kan sprøyte ut hundrevis eller til og med tusenvis av kubikkilometer med stoff i eitt enkelt tilfelle. Sjølv små kalderadannande utbrot, som Krakatoa i 1883 eller Pinatubo i 1991, kan føre til stor lokal øydelegging og fall i temperaturen verda over. Store kalderaer har langt større effekt.

Yellowstone Caldera hadde det siste utbrotet sitt for 640 000 år sidan vart tusen kubikkilometer med stoff kasta ut og heile Nord-Amerika vart dekt av opp til to meter med avfall. Til samanlikning kasta Mount St. Helens i 1980 ut 1,2 kubikkilometer med stoff. Dei økologiske effektane av eit utbrot frå ein stor kaldera kan ein sjå i utbrotet ved Tobasjøen i Indonesia. For om lag 75 000 år sidan kasta denne vulkanen ut 2 800 kubikkilometer med stoff, det største kjende utbrotet i kvartærtida (som varte 1,8 millionar år). Arkeologen Stanley Ambrose[1] meinte at ein vulkanvinter som følgje av dette utbrotet reduserte menneskebestanden til eit par tusen individ, som førte til ein genetisk flaskehals. Ein kjenner til enno større kaledradannande utbrot, som La Garita Caldera i San Juan-fjella i Colorado i USA, der 5000 kubikkliometer med tuff vart kasta ut i eit enkelt utbrot for 27,8 millionar år sidan.

Til enkelte tider har rhyolittiske kalderaer oppstått i grupper. Restane av slike grupper finn ein San Juan-fjella i Colorado eller Saint Francois-fjella i Missouri i USA.

Bilete av Fernandina sin kaldera frå romstasjonen ISS

Ikkje-eksplosive kalderaer[endre | endre wikiteksten]

Nokre vulkanar, som Kīlauea på øya Hawaii, har danna andre typar kalderaer. I Kilauea sitt tilfelle har magmaen i vulkanen relativt lite silika. Dette fører til at magmaen er mykje mindre viskøs enn magma i ein rhyolittisk vulkan, og magmakammeret vert tømt som følgje av store lavastraumar i staden for eksplosive hendingar. Denne typen kalderaer vert òg kalla subsidenskalderaer, og oppstår ofte meir gradvis enn eksplosive kalderaer. Til dømes kollapsa kalderaen på toppen av øya Fernandina i 1968, då delar av botn av kalderaen fall 350 meter rett ned.[2] Kalderaen til Kilauea har eit indre krater kalla Halema‘uma‘u, som ofte har vorte fylt av ein lavasjø. Den største vulkanen på Jorda, Mauna Loa, inneheld òg ein subsidenskaldera kalla Moku‘āweoweo Caldera.

Ikkje-vulkanske kalderaer[endre | endre wikiteksten]

Det er mogeleg, men sjeldan, at ein får danna kalderaliknande formasjonar ved erosjon i staden for vulkanisme. Caldera de TaburienteLa PalmaKanariøyane er døme på dette.

Kjende kalderaer[endre | endre wikiteksten]

Crater Lake i Oregon danna rundt år 5 680 f.Kr.
Island Park Caldera i Idaho sett frå rommet. Yellowstone Park ligg i aust og Tetonfjella i sørvest.
Satellittbilete av Tauposjøen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. februar 2007, henta 15. november 2007 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. oktober 2007, henta 15. november 2007 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kaldera