Albert II av Belgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albert II
King Albert II of Belgium.jpg
Konge av Belgia
Regjeringstid 9. august 199321. juli 2013
Fullt namn Albert Félix Humbert Théodore Christian Eugène Marie
Titlar Prins av Liège (1934-1959)
Konge av Belgia
Fødd 1934-06-066. juni 1934, Brussel i Belgia
Føregjengar Baudouin av Belgia
Etterfylgjar Philippe av Belgia
Ektefelle Paola Ruffo di Calabria
Far Leopold III
Mor Astrid
Born Philippe av Belgia
Astrid av Belgia
Laurent av Belgia
Delphine Boel

Kong Albert II av Belgia (fødd 6. juni 1934 i Brussel) er konge av Belgia og tidlegare regjerande konge av Belgia. Han er den yngre sonen av Kong Leopold III (1901-1983) og den fyrste kona hans Prinsesse Astrid av Sverige (1905-1935). Han høyrer til det tyske fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha. 21. juli 2013 abdiserte han til fordel for sonen hertug Philippe av Brabant. Etter abdikasjonen vil han framleis ha tittelen konge av Belgia.[1]

Han etterfylgde den eldre bror sin Baudouin som belgisk konge. Før kroninga var han kjend som prins av Liège.

Han gifta seg 2. juli, 1959 med Paola Ruffo di Calabria

Han og dronninga har tre barn:

Kong Albert har òg ei dotter utanfor ekteskap, Delphine Boel (fødd 1968), etter hans sidesprang med baronesse Sybille de Sélys Longchamps.

Mellom ordnane hans finst òg Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold[endre | endre wikiteksten]

Titlar og tiltaleformer[endre | endre wikiteksten]

  • 6. juni 1934–7. juni 1934: Prins Albert av Belgia
  • 7. juni 1934–9. august 1993: Prins Albert av Liège
  • 9. august 1993–21. juli 2013: Kong Albert II av Belgia
  • 21. juli 2013–i dag: Kong Albert II av Belgia

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Albert II av Belgia

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]