Monogram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khi-Ro (XP) er eit monogram laga av dei to første bokstavene i det greske ordet for Jesus Kristus. Relieffet inneheld også eit Jesus-symbol i form av dei greske bokstavene alfa og omega, «byrjinga og slutten», som er nemnd i Bibelen.

Monogram er ei dekorativ samanstilling av bokstavar, gjerne førebokstavar, frå eit namn. Dei kan brukast som eigarmerke, signatur, dekorasjon og liknande. Konge- og dronningmonogram er krona og inneheld som regel føerbokstav og ordenstalet til fyrsten. Nokre gonger kan det utformast som spegelmonogram, det vil seia med teikna samanslynga i normal og omvend stilling til eit symmetrisk ornament.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«monogram» (16. desember 2011) i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Monogram