Albina Grčić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Albina Grčić
Fødd13. februar 1999 (23 år)
FødestadSplit
OpphavKroatia
Aktiv2019–
Sjangerpop
Verka somsongar

Albina Grčić (fødd 13. februar 1999 i Split) er ein kroatisk songar. Ho starta songkarrieren sin etter å ha kome på tredjeplass i den tredje sesongen av The Voice Hrvatska. Grčić representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Tick-Tock».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Grčić byrja med musikk i ung alder og tok pianoundervising ved ein lokal musikkskole i seks år. Som åtteåring vart ho del av «Musikktalenta», eit lokalt musikkprosjekt for barn, ungdom og vaksne.[1][2]

Grčić vart nasjonalt kjend i Kroatia då ho i desember 2019 deltok i den tredje sesongen av The Voice Hrvatska. Ho enda til slutt på tredjeplass i tevlinga, bak vinnaren Vinko Ćemeraš og sølvvinnaren Filip Rudan. Like etter fekk ho platekontrakt med Universal Music Croatia, og 16. oktober 2020 slapp ho debutsingelen «Imuna na strah» (immun mot frykt).[3]

I desember 2020 vart Grčić presentert som ein av 14 deltakarar til musikktevlinga Dora 2021, der vinnaren fekk representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2021. I tevlinga 13. februar 2021 opptredde ho med songen «Tick-Tock», skriven av Branimir Mihaljević, Max Cinnamon og Tihana Buklijaš Bakić. I Dora 2021 vann Grčić både jury- og telefonavrøystinga med 198 poeng, og dimed fekk Grčić representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[4] Grčić deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai, der ho enda på ellevteplass. Sidan ho ikkje hamna blant dei ti beste, kvalifiserte ho seg ikkje til finalen.[5][6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Imuna na strah» (2020)
  • «Tick-Tock» (2021)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. radiotelevizija, Hrvatska. «The Voice - Natjecatelj Albina Grčić» (på kroatisk). Henta 14. februar 2021. 
  2. «Tko je Albina Grčić, pobjednica ovogodišnje Dore» (på kroatisk). Henta 14. februar 2021. 
  3. «Albina Grčić to Represent Croatia at Eurovision Song Contest in Rotterdam» (på engelsk). Henta 14. februar 2021. 
  4. «Albina clocks up a win in Croatia with Tick-Tock» (på engelsk). 13. februar 2021. Henta 14. februar 2021. 
  5. «Croatia misses out on Eurovision Grand Final after semi-finals | Croatia Week» (på engelsk). 18. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  6. «Albina - Croatia - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.