Den transatlantiske flyginga til Alcock og Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Alcock og Brown)
Alcock og Brown tek flypost ombord
Statue av Alcock and Brown på London lufthamn, Heathrow.

John Alcock og Arthur Brown var to britiske flypionerar som utførte den først transatlantiske flyginga utan stopp in juni 1919.[1] Alcock, som var flygar, og Brown, som var navigatør/mekanikar, brukte eit tilpassa to-motorsbombefly, Vickers Vimy IV frå den fyrste verdskrigen. Dei starta frå Lester's Field i St. John'sNewfoundland seint på kvelden den 14. juni 1919 og krasjlanda på ei beitemark nær Clifden i Connemara i Irland[2] klokka 8:40 om morgonen den 15. juni 1919, etter å ha kome inn over Irland kl. 4:28.

Dei gjennomførte ei flyging over ein distanse på 312 mil i løpet av 15 timar og 57 minutt, med ein gjennomsnittsfart på 195 km/t. Flyet vart drive av to Rolls-Royce Eagle-motorar, kvar på 360 hk.

Ei tidlegare flyging over Atlanterhavet fann stad i mai same året med fire Douglas NC-flybåtar frå den amerikanske marinen, NC-1 – NC-4. Men det var berre den siste som gjennomførte turen som tok 19 dagar med mange stoppar undervegs.

I april 1913 hadde den britiske avisa Daily Mail sett opp ein premie på 10 000 britiske pund til den første som kunne kryssa Atlanterhavet utan stopp, frå kyst til kyst.

Turen varte i 19 timar med ein gjennomsnittsfart på 190 km/t, og i ei høgd som kunne variera mellom like over havoverflata til 3 700 meter. Bensinforbruket var 3 900 liter. Turen kunne ha enda med katastrofe fleire gonger på grunn av motorproblem, tåke, snø og is. Det var takka vera Browns klatring ut på vengen for å fjerna is frå luftinntaket til motorane og Alcock sin dugleik som flygar, trass elendige vêrforhold med dårleg sikt og snø inn i den opne cockpiten, at dei klarte å gjennomføra turen. Flyet vart sterkt skadd i landinga, til trass for at dei fann fram til ei nokoleis flat beitemark, men ingen av flygarane vart skadde.

Alcock og Brown vart løfta opp som heltar for å ha gjennomført flyginga. I tillegg fekk dei prisen på 10 000 pund som var sett opp av Daily Mail, tildelt av den britiske luftfartsministeren Winston Churchill.[3] Dei fekk også begge prisar frå forretningsfolk og private for å ha vore dei første som hadde kryssa Atlanterhavet. Ei veke seinare blei dei slått til riddarar som Knight Commander of the Most Excellent Order of the British Empire (KBE) av kong Georg V ved Windsor Castle.

Eit monument som viser dei to flygarane vart reist på London lufthamn, Heathrow i 1954 til minne om flyginga 45 år tidlegare. Det er likeeins sett opp monument både på startstaden på Newfoundland og på jordet der dei landa i Irland.

Alcock vart drepen i ei flyulukke den 18. desember 1919 medan han flaug eit nytt Vickers Viking amfibiefly til Paris airshow då den eine vengen kom bort i eit tre i Normandie på veg til Paris. Brown som aldri meir sette seg i eit fly, levde til den 4. oktober 1948.

Flyginga som vart særs mykje omtalt i åra etter, gjekk snart i gløymeboka i USA sidan ho vart overskugga av Charles Lindbergh si soloflyging over Atlanterhavet frå kontinent til kontinent i 1927.

Eit replika av flyet til Alcock og Brown vart bygd i 1969 av Vintage Aircraft Flying Association i Brooklands. Dette flyet er no plassert i RAF Museum i Hendon i London.

Ei anna flydyktig utgåve vart bygd i 1994 av eit australsk/amerikansk selskap, og flyet har hittil gjennomført tre historiske flygingar der Vickers Vimy vart brukt og der det var lagt opp til å kopiera opphavlege flygingar så nær som mogleg med omsyn til ruteval. Ei flyging gjekk frå England til Australia i 1996, og ei frå England til Sør-Afrika i 1998. Med det same flyet gjentok den amerikanske eventyraren Steve Fossett og co-pilot Mark Rebholz flyginga frå Newfoundland til Irland. Denne gongen landa dei på ein golf-bane nær beitemarka som opphavleg vart brukt som landingsplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Captain John Alcock and Lieutenant Arthur Whitten Brown». www.aviation-history.com. 
  2. «What are the wild waves saying». The Economist. 28. oktober 2010. Henta 3 November 2010. «Jack Alcock and Arthur Whitten Brown became the first men to cross the Atlantic by air in June 1919, flying in a Vickers Vimy biplane, its bomb bays filled with extra fuel. The dashing aviators, who took their pet kittens, Twinkletoes and Lucky Jim, with them, made the crossing from Newfoundland to County Galway in 16 hours and 27 minutes.» 
  3. «£10,000 for first transatlantic flight (in 72 continuous hours)». Flight magazine. 5 April 1913. s. 393. Henta 5. januar 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]