Vickers Vimy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vickers Vimy

Vickers Vimy var eit britisk bombefly under første verdskrig. Det vart bygd hos Vickers Aeroplane Company og var konstruert av Rex Pierson.

Flyet hadde ei rekkjevidd på 1 500 km, noko som gjorde det i stand til å nå mål i Tyskland med ein bombelast på vel 1 000 kg. Det flaug første gong 30. november 1917. Straks etter slutten på krigen vart produksjonen av ein sivil versjon sett igang. Denne vart namngjeven «Vimy-Commercial». Det vart kalla opp etter Slaget om Vimyhøyden. Flyet var bygd i spant av furu, kledd med duk.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Vickers Vimy 3-view.svg

Vickers Vimy vart brukt av Royal Air Force i Midtausten frå 1919 til 1925, då den vart avløyst av Vickers Virginia

Den første sivile Vimy flaug 13. april 1919, og vart registrert som G-EAAV. Den sivile varianten, Vimy-Commercial, hadde ein større kropp som vart kledd med finér. Den vart produsert mest for eksport.

Vickers Vimy vart brukt i mange førstegangsflyvninger, milom anna i den første atlanterhavsflyvning frå vest til aust, av Alcock og Brown. Dette flyet er verna og står utstilt i London Science Museum.

Ein Vickers Vimy vart òg brukt under den første flyvning frå England til Darwin i Australia med Ross Smith, broren Keith og to mekanikarar som mannskap. Flyet er verna i eit museum i Ross sin fødeby Adelaide. Flytypen vart òg brukt i eit forsøk på å fly frå England til Sør-Afrika, med van Rynevald og Brand som mannskap. Dette flyet havarerte undervegs (flyverne fullførde turen til Cape Town med eit anna fly og fekk difor ikkje den prisen som var sett opp for denne førstegangsflyvningen).

Vimy-kopien[endre | endre wikiteksten]

Det er bygd ein kopi og ein flyvedyktig kopi av dette flyet.

I 1969 vart ein kopi bygd av Vintage Aircraft Flying Association i Brooklands. Dette er utstilt i RAF Museum, Hendon i London. Den flyvedyktige kopien vart bygd i 1994 av ei Australsk/Amerikansk gruppe og i 1997 vart den første flyvninga til Australia attskapt. I 1999 vart turen til Cape Town kopiert. Ved begge desse flyvningene vart det lagt opp til å fly så nær den opphavlege ruta som mogleg når det gjaldt val av etappar og mellomlandingar.

Den tredje historiske ferda, som vart attskapt i 2005, var den første av dei tre historiske førstegangsflyninger. Ferda over Atlanterhavet frå New Foundland til Irland. Òg her vart den opphavlege ruta følgt, men flyveren Steve Fossett valde å landa på ein golfbane nær beitemarken som Alcoc og Brown havarerte på 85 år tidlegare.

Flyet er påmalt den opphavlege registreringa G-EAOU.

Nokre data om flyet[endre | endre wikiteksten]

Vickers Vimy takeoff i 1919
  • Mannskap 3 – Flyver, mekanikar og navigatør (Militærutgåva: Flyver og 2 skyttere)
  • Lengd: 13,27 m.
  • Vengespenn: 20,75 m
  • Høgd: 4,76 m
  • Tomvekt: 3 222 kg
  • Største startvekt: 4 937 kg
  • Motorar: 2× Rolls-Royce Eagle VIII, kvar på 360 hk
  • Toppfart: 165 km/h.
  • Rekkjevidd 1 448 km
  • Marsjhøgde: 2 135 m

Militærutgåva av flyet

  • 2× 7,7 mm mitraljøser, 1 plassert føre og 1 plassert midt på flykroppen
  • Bombelast: 1 123 kg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]