Aldair Santos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aldair Santos

Aldair.jpg

Statsborgarskap Brasil
Fødd 30. november 1965 (56 år)
Ilhéus
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1996, VM i fotball 1994, VM i fotball 1998, VM i fotball 1990

Aldair Nascimento dos Santos (fødd 30. november 1965) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar frå Ilhéus som vart verdsmeister med landslaget i USA-VM 1994. Han var midtstoppar, aktiv for italienske AS Roma i heile tretten sesongar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Aldair spelte på den brasilianske storklubben Flamengo i åra 1986-88. Sesongen 1989/90 var han Benfica-spelar, avslutta opphaldet med å tape finalen i Europacupen i fotball 1990 mot AC Milan. Frå hausten 1990 gjorde Aldair teneste i AS Roma til 2004. Våren 1991 tapte Roma-laget finalen i UEFA-cupen mot FC Inter, medan det vart triumf i Coppa Italia. 10 år seinare, våren 2001, lukkast Aldair og Roma stige til topps i Serie A. Han avslutta toppfotballen med Genoa CF.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Aldair spelte i tida frå 1989 til 2000 80 landskamper for Brasil, skåra 3 mål. I denne perioden var han med om å vinne Copa América 1989, Fotball-VM 1994 og Copa América 1997. Han deltok i så vel VM-finalen 1994 som i VM-finalen 1998, den siste enda med tap 0–3 overfor vertslandet Frankrike.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1994 med Brasil
  • Vinnar av Copa America: 1989 og 1997 med Brasil
  • VM-sølv: 1998 med Brasil
  • Italiensk cupmeister: 1991 for AS Roma
  • Italiensk seriemeister: 2001 for AS Roma
  • Finalist i europacupen i fotball: 1990 for Benfica
  • Finalist i UEFA-cupen i fotball: 1991 for AS Roma

Kjelder[endre | endre wikiteksten]