Hopp til innhald

Aleksander Kilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksander Kilde


StatsborgarskapNoreg
Fødd21. september 1992 (33 år)
Bærum kommune
Idrettalpint
Tok del i Alpint under Vinter-OL 2014 – Utfor menn, Alpint under Vinter-OL 2014 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 2014 – Kombinasjon menn, Alpint under Vinter-OL 2018 – Storslalåm menn, Alpint under Vinter-OL 2018 – Utfor menn, Alpint under Vinter-OL 2018 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 2018 – Kombinasjon menn, Alpint under Vinter-OL 2022 – Utfor menn, Alpint under Vinter-OL 2022 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 2022 – Kombinasjon menn

Aleksander Aamodt Kilde (fødd 21. september 1992) er ein norsk alpin skirennar frå Bærum som vann verdscupen i alpine greiner 2020. Han er medlem i Lommedalens IL.

Kilde sigra vinteren 2016 i to renn i verdscupen i alpine greiner, det fyrste i eit utforrenn og det andre i super-G. Med fleire gode plasseringar i super-g-tevlingane vann han super-g-cupen og han enda på sjuandeplassen i kampen om fyrstepremien i verdscupturneringa. I 2020-sesongen presterte Kilde jamt godt både i yndlingsøvinga super-g, utfortevlinga og storslalåmrenn, nok til å vinne ein knipen siger i verdscupen framom franske Alexis Pintureault og med sin eigen landsmann Henrik Kristoffersen på tredjeplass.

Kilde har pr 2020 delteke i to olympiske vinterleikar og tre verdsmeisterskap, utan å kome på medaljeplass. Under verdsmeisterskapen i alpine greiner 2017 vart Kilde nummer fire både i super-g og i kombinasjonstevlinga, dessutan vart han sjettemann i utforrennet.

Verdscupsigrar i enkeltrenn

[endre | endre wikiteksten]
Dato Stad Land Øving
30. januar 2016Garmisch-PartenkirchenTysklandUtfor
27. februar 2016HinterstoderAusterrikeSuper-G
15. desember 2018GherdëinaItaliaUtfor
14. februar 2020Saalbach-HinterglemmAusterrikeSuper-G

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]