Aleksander den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksander den store
Alexander and Bucephalus - Battle of Issus mosaic - Museo Archeologico Nazionale - Naples BW.jpg
Fødd20. juli 356 f.Kr. (juliansk)
FødestadPélla
Død10. juni 323 f.Kr. (juliansk)
DødsstadBabylon
MorOlympias
FarFilip II av Makedonia
EktefelleRoxana, Parysatis II, Stateira II
SambuarBarsine
BarnAleksander IV av Makedonia, Herakles
Makedonsk mynt av Aleksander den store frå 336-323 fvt.

Aleksander den store (fødd i Pella 20-30 juli, 356 fvt., død i Babylon 10. juni 323 fvt.) var konge av Makedonia. Dei greske bystatane var alt samla under far hans, Filip II av Makedonia. Aleksander den store erobra Persia, Egypt og ei rekkje andre kongedømme. Han nådde heilt fram til det nordlege India. Erobringane førte til ei rask spreiing av gresk kultur til fleire kontinent.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Alt som gut deltok Aleksander i Filip sine kampar for å få makta i Hellas, men kom i strid med far sin, som hadde sett Aleksander si mor til sides som dronning. Etter at Filip hadde vorte myrda i 336 fvt. tok Aleksander straks kongemakta, styrkte herredømmet sitt i Hellas, og knuste blant anna bystaten Theben (Thíva) heilt då dei sette seg imot han.

Felttog[endre | endre wikiteksten]

Kart over Aleksander den store sitt rike.

Størstedelen av Aleksander si regjeringstid – frå 334 fvt. – gjekk med til det store felttoget hans mot Persia. I tre slag, Granikos 334 fvt., Issos 333 fvt. og Gaugamela 331 fvt., slo makedonarane under leiing av Aleksander dei persiske hovudhærane, og etter dette braut riket saman, og den siste persiske kongen vart myrda under flukten. I pausane mellom framrykkingane gjorde Aleksander også erobringar på andre frontar, blant anna av Fønikia under stort blodspille i 332 fvt. og Egypt 332-331.

Etter den endelege sigeren over persarane vart Aleksander utnemnd til storkonge, og arbeidde for å styrkje makta si. Han heldt likevel fram med felttoget heilt til det nordlege India, der eit trugande mytteri tvinga han til å avbryte vidare framrykking. Tilbake i Persia bringa han orden i administrasjon og styre og kvalte eit byrjande mytteri hos eigne soldatar. Under planlegginga av ein ny ekspedisjon døydde han med eitt, kanskje av òv-drikking eller ein feber.

På høgda av makta si omfatta Aleksander sitt rike – bortsett frå Hellas – det noverande Egypt, Syria, Libanon, Israel, Jordan, Tyrkia, Irak, Iran, Afghanistan og Pakistan. Som eineherskar gjorde han mykje for å passe inn i dei ulike kulturane og la seg hylle som gudefyrste av dei lokale folkeslaga. Om dette var ein freistnad på å skapa tverrkulturelt samhald om herskaren, eller berre var uttrykk for eiga maktlyst, er ikkje klårt. Dessutan tok han i stort omfang lokale offiserar og stormenn inn i tenesta si, om dei synte seg lojale. Kursen hans var ikkje populær hos dei makedonske landsmennene hans – dei meinte at han svikta sin eigen bakgrunn. Aleksander gjennomførte òg ein hektisk aktivitet med omsyn til grunnlegging av byar.

Etter Aleksander sin død braut riket saman ganske raskt, på grunn av strid mellom makedonske generalar som alle ville vera arvtakarane hans.

Aleksander synest å ha vore ein dristig og energisk hærførar som nådde store resultat, men viste seg òg omsynslaus i krig og despotisk overfor undersåttane sine, etter kvart som makta hans auka.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Dei greske namna til Aleksander den store er Aléxandros o Mégas (Ἀλέξανδρος ὁ Μέγας), Mégas Aléxandros (Μέγας Aλέξανδρος) eller Aléxandros o Trítos ho Hellēn Makedōn (Ἀλέξανδρος Γ' ὁ Ἕλλην Μακεδών).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksander den store