Makedonia i antikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antikkens Makedonia

Makedonia (gresk Μακεδονία) var namnet på eit kongedøme i antikken i dei nordlegaste områda av Hellas, som grensa til Ípiros i vest og Thrakia i aust.[1] I ein kort periode var staten den mektigaste i det antikke nære Orienten etter Aleksander den store erobra det meste av den kjende verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verginasola, eit symbol assosiert med det makedonske kongedømet.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Den første makedonske staten oppstod på 700-talet fvt. eller tidleg på 600-talet fvt. under Argead-dynastiet då makedonarane skal ha kome til området frå vest. Deira første konge skal ha vore Perdikkas I. Rundt tida til Aleksander I av Makedonia starta makedonarane å utvide områda sine inn i Eordaia, Bottiaea, Piería, Mygdonia og Almopia. Nær den moderne byen Véria bygde Perdikkas I (eller meir sannsynleg son hans Argaevs I) hovudstaden sin, Aigai (i dag Vergina).

Etter ein kort periode under Persarriket og Darios Hystaspes fekk staten sjølvstende sitt under kong Alexander I (495450 fvt.). Før 300-talet fvt. dekte kongedømet om lag same området som Gresk Makedonia i det moderne Hellas. Området vart stadig hellenisert i denne perioden, sjølv om framståande grekarar skal ha sett på makedonarane som primitive.

Ein samla makedonsk stat vart etter kvart oppretta av kong Amyntas III (393370 fvt.), men det var framleis store skilnadar mellom dei kvegrike kystslettene og dei aggressive isolerte stammene lenger inne i landet. Dei kontrollerte fjellovergangane der barbarane invaderte Illyria frå. Amyntas hadde tre søner, dei første to Alexander II og Perdikkas III regjerte berre ei kort tid. Peridikkas III sin arving vart avsett av Amyntas sin tredje son, Filip II av Makedonia, som gjorde seg sjølv til konge og skapte ein periode med makedonsk dominans i Hellas.

Ekspansjon[endre | endre wikiteksten]

Filip II, konge av Makedonia

Under Filip II, (359336 fvt.) utvida Makedonia områda sine inn i områda til paionianarane, thrakarane og illyrarane. Mellom anna annekterte han Pelagonia og det sørlege Paionia (desse områda er i dag om lag distrikta Monastir/Bitola og Gevgelija i Republikken Makedonia).

Makedonia vart meir politisk involvert med dei sørlege og sentrale bystatane i Antikkens Hellas, men haldt òg på eldre tradisjonar som palasskulturen, først i Aegae (i dag Vergina) så ved Pélla, og likna meir på den mykenske kulturen enn den dei greske bystatane. I tillegg hadde dei andre gamle skikkar som fleirkoneri.

Kart over Aleksander den store sitt rike.

Filip sin son, Aleksander den store (356323 fvt.) klarte ei kort stund å utvide den makedonske makta til ikkje berre dei greske bystatane, men til heile Persia, inkludert Egypt og land så lang aust som til utkantane av India. Aleksander lét dei erobra områda få ha sine styresett og spreidde gresk kultur og kunnskap i heile det store riket sitt. Sjølv om riket delte seg opp i fleire hellenske regime kort tid etter hans død, gjorde erobringane hans varige inntrykk, ikkje minst i dei nye gresktalande byane i dei vestlege områda av Persia.

Trass i at riket vart delt opp i stridande kongedøme styrt av Aleksander sine generalar, vart Makedonia verande eit nøkkelområde som stadig vart kjempa om. Antipater og son hans Kassander fekk kontroll over Makedonia, men glei inn i ein lang periode med indre uro etter Kassander sin død i 297 fvt.. Det vart ei stund styrt av Demetrios I (294288 fvt.), men gjekk inn i borgarkrig.

Demetrios sin son, Antigonos II (277 fvt.239 fvt.) klarte å få i stand ro og velstand, og slo tilbake eit åtak frå Galatia, men mista kontroll over dei mange tidlegare kontrollerte greske bystatane. Han oppretta eit stabilt monarki framkalte Antigonid-dynastiet. Etterfølgjaren hans Antigonis III (239 fvt.221 fvt.) bygde vidare på dette og gjenoppretta makedonsk makt i området.

Nedgang[endre | endre wikiteksten]

Under Filip V av Makedonia (221 fvt.179 fvt.) og son hans Persevs av Makedonia (179 fvt.168 fvt.) kom kongedømet i konflikt med den aukande makta til Den romerske republikken. På 100-talet fvt. og 1. hundreåret fvt. kjempa Makedonia i ei rekkje krigar. Dei leid to store tap, som til slutt førte til deira nederlag i 197 fvt. då romarane slo Filip V, og 168 fvt. då romarane slo Persevs. Dette førte etter kvart til Makedonia sitt nederlag, avsetjinga av Antigonid-dynastiet og opphevinga av det makedonske kongedømet. Andriskos klarte ei kort stund å gjenopprette monarkiet i 149 fvt., men leid nederlag året etter då Makedonia vart omorganisert til den romerske provinsen Makedonia.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Macedonia» - Britannica 2006

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Macedon frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Eugene N. Borza: Before Alexander: constructing early Macedonia. Claremont, CA: Regina Books, 1999. Pp. 89. ISBN 0-941690-97-0 (pb)
  • Robin Lane Fox, Alexander the Great, Penguin Books, 1973, ISBN 0-14-008878-4 (pb).
  • Nicholas G. L. Hammond, The Macedonian State, Oxford University Press, 1989, ISBN 0-19-814883-6. Pg. 12-13.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]