Aleksandr Beggrov
| Aleksandr Beggrov | |
| Fødenamn | russisk Александр Карлович Беггров |
| Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
| Fødd | 17. desember 1841 St. Petersburg |
| Død |
14. april 1914 (72 år) |
| Yrke | kunstmålar |
| Språk | russisk |
| Sjanger | marinemåleri |
| Far | Karl Beggrov |
| Aleksandr Beggrov på Commons | |
Aleksandr Karlovitsj Beggrov (17. desember 1841–14. april 1914) var ein russisk landskaps- og maritim kunstnar av tysk-baltisk opphav.[1] Han er kjend for landskapsmåleri av havet og St. Petersburg.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Alexander Beggrov var fødd i St. Petersburg som son av Karl Beggrov (Beggrow), ein tysk målar som hadde heile karrieren sin i Russland. Han bestemte seg for å bli marineoffiser, og i 1863 gjekk han inn i marinen. I 1871-1872 deltok han i ei reise rundt verda. I 1868, medan han framleis var marineoffiser, starta han kunststudiane sine under tilsyn av Aleksej Bogoljubov.[2] In 1873 flytta Bogoljubov til Frankrike, og Beggrov, som ønskte å fortsetja kunststudia sine, blei elev ved Royal Academy of Arts, der han studerte under Mikhail Klodt i eit år.[3][4] I 1874 pensjonerte han seg frå marinen og flytta til Paris, der han hovudsakleg fortsette å jobba under leiing av Bogoljubov. Han blei òg kjend med russiske kunstnarar i Frankrike, mellom anna Ilja Repin.
I 1875 vende Beggrov tilbake til St. Petersburg, og i 1878 blei han med i Peredvizjniki-rørsla. I 1879 reiste han sjøvegen til Hellas, og derfrå til Frankrike, der han budde i to år. Deretter flytta Aleksandr Beggrov tilbake til Russland og busette seg i Gatsjina. I 1903 døydde kona hans. Dei siste åra av livet sitt var Beggrov dødssjuk. I august 1914 tok han sitt eige liv.[4]
Verk i utval
[endre | endre wikiteksten]- Petersburg børs ( Петербургская биржа, 1891)
- St. Petersburg om vinteren (1879)
- Kanon på frigatten «Osljabja»
- Morgon på Nevskij Prospekt (1886)
- Elva ved Admiralitetet (1881)
- På dekket til frigatten «Svetlana» (1883)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Neumann, Wilhelm (1908). Lexikon Baltischer Künstler (på tysk). Riga: Jonck & Poliewsky. s. 8. Henta 15. desember 2013.
- ↑ «Беггров Александр» (på russisk). artcyclopedia.ru. Henta 10 January 2012.
- ↑ «Беггров Александр Карлович» (på russisk). Русская живопись. Henta 8 January 2012.
- 1 2 Бурлаков, А. «Художник Александр Беггров» (på russisk). Гатчина сквозь столетия. Henta 15. februar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Alexander Beggrov» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2021.