Hopp til innhald

Gattsjina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gattsjina
Гатчина
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Høgd 100 m
Areal 28,75 km²
Folketal 91 514 (1. januar 2025)
Først nemnd i 1499
 •  Bystatus 1796
Postnummer 188300-188310, 188319
Retningsnummer +7 81371
Kart
Gattsjina
59°34′06″N 30°07′22″E / 59.56841°N 30.122892°E / 59.56841; 30.122892
Wikimedia Commons: Gatchina

Gattsjina (russisk Га́тчина, finsk Hatsina, polsk Gatczyna) er ein by i Leningrad oblast i Russland, om lag 45 km sør for St. Petersburg ved vegen som fører til Pskov. Byen har om lag 90 000 innbyggjarar. Staden er skriven inn på verdsarvlista som ein del av «St. Petersburg og relaterte grupper av monument».[1]

Tidleg historie

[endre | endre wikiteksten]

Khottsjino (eit eldre namn for Gattsjina) vart første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1499 som ein landsby underlagd Velikij Novgorod eller Stornovgorod i Russland. I løpet av ei rekkje krigar på 1600-talet vart byen først gjeve til Livland (eit historisk område som i dag er delt mellom Estland og Latvia), så til Sverige før det igjen vart ein del av Russland i løpet av den store nordiske krigen. På denne tida var Gattsjina eit sørleg grannelag til den nye hovudstaden i Russland, St. Petersburg.

I 1708 gav tsar Peter den store[2] Gattsjina til syster si Natalia Aleksejevna og då ho døydde grunnla han eit keisarleg hospital og apotek her. I 1765 kjøpte Katarina den store Gattsjina med tjue landsbyar i omegn som ho så skjenka til favoritten sin, general og grev Orlov. Mellom 1766 og 1788 bygde greven eit slott med 600 rom[3] her og anla ein omfattande engelsk landskapspark på over 700 hektar med ein tilstøytande dyrehage og ein gard for hestar. Ein triumfboge teikna av Antonio Rinaldi vart reist for å danne ein monumental inngang.

Gattsjinapalasset vart utvida fleire gonger av ulike keisarlege eigarar. Rokokkointeriøret vart teikna av Rinaldi og Vincenzo Brenna og utført av italienske stukkaturarbeidarar og russiske handverkarar. Interiøret vart framheva med parkettgolv, måla veggar og karakteristiske italienske møblar.[4]

Systerbyar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Historic Centre of Saint Petersburg and Related Groups of Monuments
  2. Massie, Robert K.: Peter the Great: His Life og World (Knopf, 1980). ISBN 0-394-50032-6
  3. Bilete
  4. St. Petersburg:Architecture of the Tsars. 360 sider. Abbeville Press, 1996. ISBN 0-7892-0217-4

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gattsjina