Hopp til innhald

Aleksandr Beggrov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Beggrov

Fødenamn russisk Александр Карлович Беггров
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 17. desember 1841
St. Petersburg
Død

14. april 1914 (72 år)
Gattsjina

Yrke kunstmålar
Språk russisk
Sjanger marinemåleri
Aleksandr Beggrov på Commons

Aleksandr Karlovitsj Beggrov (17. desember 184114. april 1914) var ein russisk landskaps- og maritim kunstnar av tysk-baltisk opphav.[1] Han er kjend for landskapsmåleri av havet og St. Petersburg.

Alexander Beggrov var fødd i St. Petersburg som son av Karl Beggrov (Beggrow), ein tysk målar som hadde heile karrieren sin i Russland. Han bestemte seg for å bli marineoffiser, og i 1863 gjekk han inn i marinen. I 1871-1872 deltok han i ei reise rundt verda. I 1868, medan han framleis var marineoffiser, starta han kunststudiane sine under tilsyn av Aleksej Bogoljubov.[2] In 1873 flytta Bogoljubov til Frankrike, og Beggrov, som ønskte å fortsetja kunststudia sine, blei elev ved Royal Academy of Arts, der han studerte under Mikhail Klodt i eit år.[3][4] I 1874 pensjonerte han seg frå marinen og flytta til Paris, der han hovudsakleg fortsette å jobba under leiing av Bogoljubov. Han blei òg kjend med russiske kunstnarar i Frankrike, mellom anna Ilja Repin.

I 1875 vende Beggrov tilbake til St. Petersburg, og i 1878 blei han med i Peredvizjniki-rørsla. I 1879 reiste han sjøvegen til Hellas, og derfrå til Frankrike, der han budde i to år. Deretter flytta Aleksandr Beggrov tilbake til Russland og busette seg i Gatsjina. I 1903 døydde kona hans. Dei siste åra av livet sitt var Beggrov dødssjuk. I august 1914 tok han sitt eige liv.[4]

Verk i utval

[endre | endre wikiteksten]
  1. Neumann, Wilhelm (1908). Lexikon Baltischer Künstler (på tysk). Riga: Jonck & Poliewsky. s. 8. Henta 15. desember 2013. 
  2. «Беггров Александр» (på russisk). artcyclopedia.ru. Henta 10 January 2012. 
  3. «Беггров Александр Карлович» (på russisk). Русская живопись. Henta 8 January 2012. 
  4. 4,0 4,1 Бурлаков, А. «Художник Александр Беггров» (på russisk). Гатчина сквозь столетия. Henta 15. februar 2012.