Aleksandr Gerasimov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. oktober 2009 kl. 21:36 av Zorrobot (diskusjon | bidrag) (robot la til: no:Aleksandr Gerasimov)
Frimerke med motiv av Aleksandr Gerasimov, Sovjetunionen, 1981

Aleksandr Mikhailovitsj Gerasimov (russisk: Алекса́ндр Миха́йлович Гера́симов) 12. august 188123. juli 1963 var ein russisk kunstmålar. Han var ein leiande talsmann for stilarten sosialrealisme i biletkunsten. Han måla både Stalin og andre sovjetleiarar.

Liv og gjerning

Gerasimov kom til verda i Kozlov (no Misjurinsk) i Tambov-guvernementet. Han studerte ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur frå 1903 til 1915. I desse åra tala han for ein kunst som la vekt på realistiske framstillingar og avviste avant-garde-kunsten

Under 1. verdskrigen og den russiske borgarkrigen tenestegjorde han i hæren. Derifrå reiste han til heimbyen for å verte scenograf, med håp om å medverke til oppsetjingar av skodespel som hylla revolusjonen og sovjetstyret.

I 1925 flytta Gerasimov til Moskva. Han kombinerte akademi-realisme med lette innslag av impresjonisme i bileta sine. Han likte best ein stilart kalla heroisk realisme, ein stil med måleri som framstilte Lenin og andre revolusjonære som heltar av overjordiske dimensjonar. Etter Stalin stramma maktgrepet over det russiske samfunnet, forfall Gerasimovs verk til pompøse, offisielle portrett. For eit av desse, Stalin og Vorosjilov i Kreml, vart han tildelt Stalin-prisen i 1941. Han laga mange helte-portrett av Kliment Vorosjilov, så mange at Nikita Khrusjtsjov seinare skulda Vorosjilov for å ha brukte mesteparten av tida si i Gerasimovs atelier, til skade for sitt ansvar som forsvars-kommissær.

Gerasimovs hardhendte leiarskap av den sovjetiske kunstnarunionen, og av Sovjets kunstakademi, gjorde han berykta. Under zjdanovismen (1946-1956) var han i frontlinja mellom dei som angreip stilretningane kosmopolitisme og formalisme.

Gjennom dei smigrande portretta av sovjetleiarar og hans politiske aktivitet mot kunstnarar som ikkje fylgde hans retningslinjer for kunsten, fekk Gerasimov rykte for å vere ein politisk hauk. Likevel mista han ikkje heilt or syne sitt eige kunstnariske driv. Livet gjennom heldt han fram å måle mollstemte, nesten impresjonistiske landskap. Framstillingar som braut nokså tvert med det han framheva i offisielle samanhengar.