Sosialrealisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotografiet «Bandit's Roost» (1888) av Jacob A. Riis, frå How the Other Half Lives

Sosialrealisme er ei retning innan litteratur, film, og biletkunst, vanlegvis forstått som ei underretning av realismen. Den sosialrealistiske litteraturen byrja i siste halvdel av 1800-talet. Sosialrealisme må ikkje forvekslast med sosialistisk realisme, den programfesta kunstretningen Sovjetunionen. Dei to sjangrane har likevel likskapar.

I tillegg til å søka etter objektivitet og nøyaktige skildringar av røyndommen, legg sosialrealismen vekt på kollektive spørsmål og sosiale relasjonar mellom menneske, gjerne i tilknytting til arbeidarklassen.[1]

Sosialrealisme som kunstretning uttrykker seg både gjennom val av tema, gjennom tolkinga av kva som er dei reelle konfliktane i og mellom aktørane, og gjennom skildringa av omgjevnader, miljø og scenografi. Den sosialrealistiske litteraturen er problemorientert, han skildrar det verkelege livet og legg særleg vekt på dei sosiale tilhøva mellom grupper/klasser. Han er ofte, men ikkje alltid, politisert. Sosialrealismen skil seg frå ein individsentrert, psykologisk realisme, og frå partibunden tendensdikting som ein kan finna i sosialistisk realisme.[1]

I Noreg er sosialrealismen mellom anna knytt til arbeidarlitteraturen (ca. 1920-1950) og litteraturen frå 1970-talet. Sosialrealismen har tradisjonelt stått svært sterkt i nordnorsk litteratur.

Mange norske forfattarar slutta seg til AKP (m-l)-rørsla og skreiv bøker for å fremja marxist-leninismen og slik endra det dei oppfatta som eit kapitalistisk og sterkt klassedelt samfunn. Forfattarar som Dag Solstad, Tor Obrestad og Edvard Hoem kan nemnast i dette sambandet. Kvinnelege forfattarar hadde endå fleire skeivheiter å peika på når det gjaldt makttilhøva i samfunnet, til døme Bjørg Vik og Toril Brekke.[1]

Forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Kunstnarar[endre | endre wikiteksten]

Fotografar[endre | endre wikiteksten]

Filmar og regissørar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «sosialrealisme». Store norske leksikon (på norsk). 2018-10-04.