Vladimir Lenin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lenin)
For anna bruk av etternamnet, sjå Namnet Lenin
Vladimir Lenin

Fødd22. april 1870
Uljanovsk
Død21. januar 1924 (53 år)
Statsborgar avSovjetunionen
PartiDet russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet (1917), Sovjetunionens kommunistiske parti (1918; 1924)
Yrkepolitikar, skribent, samfunnsøkonom, advokat, revolusjonær, journalist, filosof, politisk teoretiker, Leader of the world proletariat
InstitusjonarStatsuniversitetet i St. Petersburg
Utdanna vedjuridisk fakultet, Statsuniversitetet i St. Petersburg
Det keiserlige universitetet i Kazan
Simbirsk Classical Gymnasium
MorMaria Alexandrovna Blank
FarIlja Nikolaevitj Uljanov
EktefelleNadezjda Krupskaja
Alle verv
  • Chairman of the Council of People's Commissars of the Russian SFSR (1917 (etter den julianske kalenderen) – 1924)
  • Chairman of the Council of People's Commissars (1923–1924)
  • president of the Council of Labour and Defence of the USSR (1923–1924)
  • Member of the Politburo of the CPSU Central Committee (1917 (etter den julianske kalenderen) – 1917 (etter den julianske kalenderen))
  • Member of the Politburo of the CPSU Central Committee (1917 (etter den julianske kalenderen) – 1919)
  • Member of the Politburo of the CPSU Central Committee (1919–1924) Sjå dette på Wikidata

Vladimir Iljitsj Lenin (22. april 187021. januar 1924) var grunnleggjaren av den moderne kommunismen og den sovjetiske staten. På Karl Marx si tid og frametter blei omgrepa sosialistisk, kommunistisk og sosialdemokratisk ofte bruka om kvarandre, men frå og med Lenin er kommunisme ei særskild retning i politikken.

Vladimir Lenin blei fødd i Russland i 1870. Det eigentlege etternamnet hans er Uljanov, og Lenin er eit pseudonym han bruka fordi sosialistiske rørsler var ulovlege i det gamle Russland. Lenin blei leiaren for bolsjevikane, den eine hovudfløya i det russiske sosialdemokratiske partiet. Den andre hovudfløya blei kalla mensjevikar, og der var Julius Martov ein av leiarane. Det var bolsjevismen eller leninismen som blei grunnlaget for den moderne kommunismen. Bolsjevikfløya braut etter kvart med dei andre sosialdemokratane, og bruka frå 1918 namnet kommunistisk om partiet sitt.


Bolsjevikane tok makta i Russland i oktober/november 1917. Lenin stod i brodden for denne maktovertakinga, etter at han hadde komme tilbake til Russland frå eksil i utlandet. Statsmakta skulle no byggjast på arbeidarråda (sovjeta), men i løpet av borgarkrigen 1918-1920, som også vestlege land blanda seg inn i, mista desse råda mykje av makta si. Etter at både andre sosialistiske parti og organiserte fløyer i kommunistpartiet blei forbodne, låg heile den reelle makta i den nye sovjetstaten i leiinga for kommunistpartiet. Lenin var likevel tilhengar av eit visst fritt ordskifte innanfor partiet, men etter at han døydde i 1924, og Josef Stalin gradvis tok all makt i parti og stat, blei det slutt på dette. Då blei det politiske politiet bruka mot opposisjonen i partiet, der Lev Trotskij var ein leiande figur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vladimir Lenin