Aleksandr Grin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Grin

Aleksandr Grin (1910)
Pseudonym Александр Грин
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjet-Russland, Sovjetunionen
Fødd 11. august 1880
Slobodskoj
Død

8. juli 1932 (51 år)
Staryj Krym

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar
Språk russisk
Ektefelle N. N. Grin
Aleksandr Grin på Commons

Aleksandr Grin (eigentleg Aleksandr Stepanovitsj Grinevskij, 23. august 18808. juli 1932) var ein russisk forfattar. Han er særleg kjend for sine romantiske romanar og noveller, som finn stad i eit fantasiland med eit slags europeisk eller latinamerikansk miljø. Dei fleste av tekstene hans handlar gjerne om havet, eventyret eller kjærleiken. Sjølv om han er populær i Russland, er han lite kjend utanlands.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Grinevskij var fødd i Slobodskoj i Kirov oblast, der far hans levde i eksil. Faren hadde delteke i det polske opprøret i 1863. Sjølv fullførte han i 1896 utdanninga si i Vjatka. Deretter gjekk han til Odessa og byrja eit liv som landstrykar. Han slo seg gjennom livet med ei rekke yrke, mellom anna som gullvaskar i Ural, soldat, sjømann og fiskar. Ofte var han utan arbeid og måtte gå og betle. Lite grann økonomisk hjelp fekk han av faren.

Etter at han hadde gått inn i den russiske hæren, melde han seg inn i det dåverande forbodne sosialrevolusjonære partiet. For aktiviteten som agitator hamna han i fengsel. Det var i dei dagar han byrja skrive dei fyrste novellene sine, i 1906 vart den fyrste prenta i ei avis. Same året vart han på ny hekta i St. Petersburg, og vart han dømt til fire års forvising til Tobolsk-regionen. Då det var nokså enkelt å rømme frå forvisingar, reiste Grin etter kort tid tilbake til St. Petersburg. Der levde han i skjul. Han vart arrestert på ny i 1910 og vart forvist til Arkhangelsk regjeringsdistrikt. Der budde han i landsbyen Kegostrov, der han også gifta seg. I 1912 vende han tilbake til St. Petersburg og vart skilt frå kona si. For det meste publiserte Grin noveller i dei åra.

Viktigaste delen av dei større verka til Grin vart skrivne etter oktoberrevolusjonen. I den fyrste halvdelen av 1920-åra var han ein populær forfattar i Sovjetunionen. Han gifta seg på ny i 1921, og frå 1924 budde ekteparet i Feodosija ved Svartehavet. Grunna innhaldet i ein av romanane sine kom han i konflikt med Sovjetunionens kommunistiske parti. Manuskripta han seinare sende til forlaga vart ikkje godkjende, og han og kona levde i armod. Samstundes var livet prega av alkoholisme og tuberkulose.

Skriftene hans er populære i dagens Russland. Litteraturen er fantastisk og magisk til det absurde, det siste er særleg framherskande i novellene hans. Slåande er dei mange velklingande og assosiative, fritt påhitta person- og stadnamna.

Grin slo seg i 1930 ned i Staryj Krym, døydde der to år seinare av magekreft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]