Alexander Søderlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexander Søderlund
Alexander Søderlund.JPG
Fullt namn Alexander Toft Søderlund
Fødd 3. august 1987 (30 år)
Haugesund i Noreg
Høgd 187 cm
Kallenamn Søder
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Haugesund
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
Noreg Haugesund
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
200608
2008
200810
2008
2009
2010
2010
2011
Noreg Vard
Noreg Skjold
Italia Treviso
Belgia Namur (lån)
Island sitt flagg FH (lån)
Italia Lecco
Noreg Vard
Noreg Haugesund
11 (4)
-
0 (0)
3 (0)
18 (3)
7 (0)
12 (4)
21 (9)[1]
Landslag**
2006 Noreg Noreg U21 1 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 29. august 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 2. juni 2012.

Alexander Toft Søderlund (fødd 3. august 1987 i Haugesund) er ein norsk fotballspelar som i 2011-sesongen spelar i angrep for Haugesund i Tippeligaen. Han vart seriemeister på Island med Fimleikafélag Hafnarfjarðar i 2009.

Søderlund begynte karrieren sin i FK Haugesund og vart tidleg rekna som eit stort talent, men han var ofte skada og kom ikkje med på Haugesund sitt A-lag. I 2006 gjekk han difor til FKH sin veslebror, Vard Haugesund, der han fekk seriedebuten sin. Før overgangen til Vard fekk han òg ein kamp for Noreg sitt U21-landslag. Mens han var i Vard, var Søderlund på prøvespel Lecce og Pisa i italiensk Serie B, men utan at det vart nokon overgang.[2] Han var òg på prøvespel hjå den franske tredjedivisjonsklubben Entente, som tilbaud han kontrakt, men dette vart ikkje noko av då Vard ikkje ville la han gå gratis.[3] Men Søderlund var svært lysten på å spela i utlandet og skreiv under kontrakt med den italienske fotballagenten Corvino Polomba.[4] Sommaren 2008 fekk han kontrakt for Serie B-klubben Treviso.[5]

Treviso vart heller ingen stor suksess for rogalendingen. I sesongoppkøyringa fekk han spela mykje og skåra òg mål,[6] men hamna så på juniorlaget til Treviso. I august 2008 vart han lånt ut til det belgiske andredivisjonslaget UR Namur. Hjå botnlaget Namur spelte han tre kampar utan å skåra, før han vart henta attenda til Italia etter tre månader.

Mot slutten av 2008/09-sesongen gjekk Treviso mot nedrykk og konkurs, og prøvde iherdig å få avsetning for spelarane sine. Søderlund hamna denne gong på Island, hjå dei islandske meisterane Fimleikafélag Hafnarfjarðar på utlån for den islandske 2009-sesongen.[7][8] Her fekk han fast plass på laget, fekk oppleva Meisterligaspel og var med på å vinna the double på Island.

Etter utlånsperioden til Island løyste Treviso Søderlund frå kontrakten. Han var så på prøvespel hjå den italienske tredjedivisjonsklubben Calcio Lecco i januar 2010,[9][10]og fekk kontrakt for fire månader med klubben. Han fekk spela dei fleste kampane, men mest som innbytar. Lecco rykte ned frå Serie C etter sesongen.[11]

Hausten 2010 var Søderlund tilbake i Vard Haugesund. Etter 2010-sesongen prøvespelte han for FK Haugesund og imponerte nok til å få ein toårskontrakt med Tippeligaklubben frå januar 2011. [12]Vard fekk ein overgangssum for spelaren.[13] Han spelte frå start i Haugesund sin opningskamp i 2011-sesongen og skåra dei to første tippeligamåla sine heime mot Stabæk 8. mai 2011.


Denne artikkelen begynte med omsett stoff frå tysk Wikipedia 2. mai 2011.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. "Prøver seg i Serie B" frå Haugesunds avis, 7. november 2007
  3. "Søderlund ønsket av fransk klubb" frå Haugesunds avis 7. august 2007
  4. "Søderlund signerte kontrakt i Italia" frå Haugesunds Avis 1. desember 2006
  5. "Til Treviso i morgen" frå Haugesunds avis 16. juli 2008
  6. "Scoret i debuten" frå Haugesunds Avis 24. juli 2008
  7. "Klar for Mesterligaen" frå Haugesunds avis 3. april 2009
  8. Norskur framherji til FH-inga (på islandsk) frå Morgunblaðið 11. mars 2009
  9. "Lecco, in prova Söderlund" (på italiensk) frå TuttoMercatoWeb 18. januar 2010
  10. "Norvegese in prova al Lecco E' l'attaccante Söderlund" (på italiensk) frå La provincia di Lecco 19. januar 2010
  11. "Tilbake i Vard" frå Haugesunds avis 26. mai 2010
  12. "Alexander Søderlund skrev under 2-års kontrakt med FKH" frå nettsidene til FK Haugesund
  13. "Trente seg til kontrakt" frå Fædrelandsvennen 13. desember 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

FK Haugesund – Spelarstallen 2013
Målmenn
Noreg 1 Per Morten Kristiansen
Noreg 12 Olav Baggerud Dalen
Forsvarsspelarar
Noreg 2 Joakim Våge Nilsen
Sverige 3 David Myrestam
Flagget til Danmark 4 Henrik Kildentoft
Flagget til Sierra Leone 10 Umaru Bangura
Island sitt flagg 14 Andrés Már Jóhannesson
Noreg 15 Martin Bjørnbak
Noreg 18 Vegard Skjerve
Noreg 19 Kristoffer Haraldseid
Midtbanespelarar
Noreg 5 Trygve Nygaard
Noreg 6 Håvard Storbæk
Noreg 8 Michael Haukås
Noreg 11 Tor Arne Andreassen
Noreg 13 Eirik Mæland
Nigeria 16 Ugonna Anyora
Noreg 17 Geir Ludvig Fevang
Sverige 20 Maic Sema
Angrepsspelarar
Flagget til Danmark - Christian Gytkjær
Noreg 9 Alexander Søderlund
Sverige 21 Pontus Engblom
Noreg 25 Henrik Kjelsrud Johansen
Trenar
Noreg Jostein Grindhaug