Fotballklubben Haugesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotballklubben Haugesund
Fullt namnFotballklubben Haugesund
KallenamnFKH
Grunnlagd28. oktober 1993
HeimebaneHaugesund stadion
(kapasitet: 8 800)
StyreleiarIngolf Steensnæs
HovudtrenarJostein Grindhaug
LigaEliteserien i fotball for menn
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Fotballklubben Haugesund er ein fotballklubb frå Haugesund, ofte omtala som FK Haugesund. I dag spelar klubben i Eliteserien i fotball for menn. Noverande hovudtrenar er Jostein Grindhaug. Klubben spelar heimekampane sine på Haugesund stadion.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 1. juli 2020.[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg K Helge Sandvik
3 Flagget til Elfenbeinskysten F Benjamin Karamoko
4 Flagget til Noreg F Fredrik Pallesen Knudsen
5 Flagget til Danmark F Benjamin Tiedemann Hansen
6 Flagget til Noreg F Joakim Våge Nilsen
7 Flagget til Noreg MB Christian Grindheim
8 Flagget til Noreg A Kevin Martin Krygård
9 Flagget til Finland A Benjamin Källman (på lån fra Inter Turku)
10 Flagget til Noreg MB Niklas Sandberg
11 Flagget til Danmark A Alexander Ammitzbøll (på lån fra AGF)
12 Det tsjekkisk flagget K Luděk Vejmola (på lån fra Vysočina Jihlava)
13 Flagget til Noreg MB Kristoffer Gunnarshaug
Nr. Posisjon Spelar
15 Flagget til Noreg F Ulrik Fredriksen
16 Flagget til Kapp Verde MB Bruno Leite
17 Flagget til Senegal A Ibrahima Wadji
18 Flagget til Noreg MB Kristoff Gunnarshaug
19 Flagget til Danmark F Mikkel Desler
22 Flagget til Noreg MB Alexander Stølås
23 Flagget til Noreg MB Thore Pedersen
27 Flagget til Noreg MB Mads Berg Sande
28 Flagget til Noreg MB Arent-Emil Hauge
32 Flagget til Noreg K Frank Stople
35 Flagget til Noreg A Andreas Endresen
99 Flagget til Noreg MB Kristoffer Velde

Utlånte spelarar[endre | endre wikiteksten]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
20 Flagget til Mali A Ibrahima Koné (hos Adana Demirspor til 30. juni 2020)
Nr. Posisjon Spelar
93 Flagget til Noreg F Dennis Horneland (hos Vard Haugesund til 31. desember 2020)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klubben vart stifta i 1993 etter at klubbane Haugar og Djerv 1919 slo saman elitelaga sine, med målsetting om å skapa eit stabilt eliteserielag. I tillegg var fotballklubben Vard Haugesund aktuell til å delta i samanslåinga, men generalforsamlinga i klubben valde å stå utanfor. Laga i aldersklassane og for kvinner gjekk ikkje inn i den sameinte klubben. Hausten 2005 vart samtalane om å innlemma Vard teke opp att, og frå sesongen 2006 fyller Vard rolla som eit rekrutteringslag for Haugesund.

I den første sesongen i divisjonssystemet, 1994, vann klubben si 2. divisjonsavdeling. Dei to neste sesongane var laget i 1. divisjon, medan dei debuterte i eliteserien i 1997. FK Haugesund berga plassen i 1997, men i 1998 fekk dei sin første sportslege nedtur då dei rykte ned til 1. divisjon. Laget rykte rett opp att året etter, men det vart med eit år i den øvste divisjonen.

I 2004 rykte både FK Haugesund og Vard Haugesund ned frå 1. divisjon, og i 2005 spela båe laga i 2. divisjon. Haugesund rykte rett opp att. Tilhengjarane av laget er organisert i supportarklubben Maakeberget.

Kjende spelarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]