Hopp til innhald

Fotballklubben Haugesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå FK Haugesund)
Fotballklubben Haugesund
Fullt namnFotballklubben Haugesund
KallenamnFKH
Grunnlagd28. oktober 1993
HeimebaneHaugesund stadion
(kapasitet: 8 800)
StyreleiarIngolf Steensnæs
HovudtrenarÓskar Hrafn Þorvaldsson, Mark Dempsey, Eirik Horneland, Jostein Grindhaug, Sancheev Manoharan
LigaOBOS-ligaen
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Fotballklubben Haugesund er ein fotballklubb frå Haugesund, ofte omtala som FK Haugesund. I dag spelar klubben i OBOS-ligaen. Noverande hovudtrenar er Óskar Hrafn Þorvaldsson, Mark Dempsey, Eirik Horneland, Jostein Grindhaug, Sancheev Manoharan. Klubben spelar heimekampane sine på Haugesund stadion.

Klubben vart stifta i 1993 etter at klubbane Haugar og Djerv 1919 slo saman elitelaga sine, med målsetting om å skapa eit stabilt eliteserielag. I tillegg var fotballklubben Vard Haugesund aktuell til å delta i samanslåinga, men generalforsamlinga i klubben valde å stå utanfor. Laga i aldersklassane og for kvinner gjekk ikkje inn i den sameinte klubben. Hausten 2005 vart samtalane om å innlemma Vard teke opp att, og frå sesongen 2006 fyller Vard rolla som eit rekrutteringslag for Haugesund.

I den første sesongen i divisjonssystemet, 1994, vann klubben si 2. divisjonsavdeling. Dei to neste sesongane var laget i 1. divisjon, medan dei debuterte i eliteserien i 1997. FK Haugesund berga plassen i 1997, men i 1998 fekk dei sin første sportslege nedtur då dei rykte ned til 1. divisjon. Laget rykte rett opp att året etter, men det vart med eit år i den øvste divisjonen.

I 2004 rykte både FK Haugesund og Vard Haugesund ned frå 1. divisjon, og i 2005 spela båe laga i 2. divisjon. Haugesund rykte rett opp att. Tilhengjarane av laget er organisert i supportarklubben Maakeberget.

Kjende spelarar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]