Alexanderarkipelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexanderarkipelet
øygruppe
Alexander archipelago.jpg
Land Flag of the United States.svg USA
Stad Alaska

Alexanderarkipelet
56°40′0″ N 134°4′0″ W
Wikimedia Commons: Alexander Archipelago

Alexanderarkipelet (Alexander Archipelago) er ei nesten 500 kilometer lang øygruppe utanfor søraustkysten av Alaska. Øygruppa omfattar rundt 1 000 øyer, som er toppar av fjell som reiser seg skarpt frå botnen av Stillehavet. Djupe kanalar og fjordar skil dei frå fastlandet. Øygruppa fekk namnet sitt frå U.S. Coast and Geodetic Survey i 1867. Ho blei kalla opp etter tsar Aleksander II av Russland.[1]

Øyene har uregelmessige og bratte kystlinjer, og djupe eviggrøne og tempererte regnskogar. Dei største øyene i gruppa er Chichagof, Admiralty, Baranof, Etolin, Kupreanof, Kuiu, Mitkof, Wrangell, Prince of Wales, Dall og Revillagigedo. Også Annette- og Yakobi-øya høyrer til øyggruppa. Alle øyene er skogdekte og har ein brei fauna. Den totale overflaten er rekna ut til å vera rundt 33 000 km².

Urfolket på øyane er tlingit- og kaigani haida-folk. Tsimshianfolket, som bur på Annette-øya, er ikkje opphavleg frå området, men kom hit frå Britisk Columbia seint på 1800-talet. Dei største byane på øyene er Ketchikan på Revillagigedo og Sitka på Baranof. Den største byen i den administrative regionen øygruppa høyrer til er Juneau, men denne ligg på fastlandet og er dermed ikkje ein del av sjølve øygruppa.

Dei viktigaste næringane på øyggruppa er turisme, fiske og skogbruk.

Dei fyrste europearar som vitja øygruppa var russarar leia av Aleksej Tsjirikov i 1741, som såg kystane av Noyes og Bakerøya (begge av vestkysten av Prince of Wales Island), Baranof-, Chichagof-, Kruzof- og Yakobiøya.[2] Seinare blei staden utforska av Storbritannia, Spania og USA. Øyene tilhøyrde Russiske Amerika fram til Alaska blei selt til USA i 1867.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alexander Archipelago». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. 
  2. Golder, Frank Alfred and Leonhard Stejneger (1922). Bering's voyages: an account of the efforts of the Russians to determine the relation of Asia and America. New York: American Geographical Society. s. 36. bering 1741 voyage.