Alexandra Voronin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexandra Voronin
Alexandra Voronina.jpg
Fødd 20. august 1905
Ukraina
Død

1. oktober 1993
Santa Clara i California

Yrke historikar
Ektefelle Vidkun Quisling (1922–ca. 1924)
Vidkun Quisling gifta seg med Maria eit snautt år etter han gifta seg med Alexandra, utan noko offisielt skilsmål frå Voronin.
Foto: Riksarkivet

Alexandra Andrejevna Voronin [a][b] (fødd 20. august 1905 i Ukraina, død 1. oktober 1993 i California)[4] var fyrste ektemaken til Vidkun Quisling. Ho gifta seg med Quisling 21. august 1922, dagen etter ho fylte 17 år.[5]

I 1923 drog Quisling tilbake til Kharkov, byen ho budde i, for å vere saman med henne. Under opphaldet i Kharkov gifta han seg med Maria Pasetsjnikova, ho som seinare fekk namnet Maria Quisling. Da Quisling kom tilbake til Noreg med dei to kvinnene vart Voronin omtala som «pleiedotter», og ikkje som kona hans, slik ho tidlegare var omtala.[5] Voronin har sagt at dei vart skilde i 1924, men det finst ingen dokumentasjon på noko offisielt skilsmål.[6][7] Etter at ho forlét Noreg for godt etter opphaldet hjå Quisling-familien, drog ho til Frankrike, og seinare til USA, der ho levde resten av livet.

Seint i livet skreiv ho ei bok om livet sitt saman med Quisling.[8]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Александра Андреевна Воронина[1][2][3]
  2. Ho er òg omtala med etternamna Voronine og Voronina, nokre gonger òg med namnet Yourieff

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Русские жёны норвежского фюрера». Henta 21. oktober 2015. 
  2. Волчек, Дмитрий (6. april 2008). «Рассказ о книге воспоминаний Александры Ворониной «В тени Квислинга» - часть 1» (russisk). Henta 21. oktober 2015. 
  3. «Читать "Из Харькова в Европу с мужем-предателем" - Юрьева Александра Андреевна - Страница 2 - ЛитМир». www.litmir.co. Henta 21. oktober 2015. 
  4. «Alexandra Andreevna "Asja" Voronine Yourieff (1905 - 1993) - Find A Grave Memorial». www.findagrave.com. Arkivert frå originalen 2016-03-16. Henta 20. oktober 2015. 
  5. 5,0 5,1 «Vidkun Quisling – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon. Arkivert frå originalen 21. desember 2013. Henta 20. oktober 2015. 
  6. Høidahl (1988), s. 21
  7. Dahl (1991), s. 94-96
  8. Alexandra Voronin (1999). Alexandra Voronine : Quislings unge hustru (Norsk (Bokmål)). Oslo: Gyldendal. ISBN 8205257450.