Alf Torp
| Alf Torp | |||
| | |||
| Fødd | 27. september 1853 Stryn kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 26. september 1916 Christiania | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | leksikograf, lingvist, filolog, germanist | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
| Alma mater | Universitetet i Leipzig Bergen Katedralskole | ||
| Medlem | Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab | ||
Alf Torp (27. september 1853–26. september 1916) var ein norsk språkforskar fødd i Stryn.[1]
Han vart student i 1871, cand.philol. i 1877 og tok doktorgraden i Leipzig i 1880 med ei samanlikning av bøyingsmønster i sanskrit og pali.[1] Han var elev av Sophus Bugge og under opphaldet i Leipzig 1878–80 av Georg Curtius og Ernst Windisch.
Han vart professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap ved universitetet i Kristiania i 1894.[1]
Tidleg på 1890-talet tok Torp under påverknad av Bugge fatt på løysinga av dei mange vanskelege problema som knytte seg til tolkinga av dei bevarte restane av visse italiske og vesleasiatiske språk: messapisk, venetisk, frygisk og lykisk. Han deltok ved orientalistkongressen i Roma i 1899.[2]
Saman med Hjalmar Falk gav han ut Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog (1901–06).[1]
Torp var formann i rettskrivingskomiteen av 1913, som førebudde 1917-rettskrivinga. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1886 og var òg medlem av vitskapsakademi i Danmark, Sverige og Italia. I 1906 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.[1]
Torp døydde i Kristiania.[1]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1881 – Die Flexion des Pali in ihrem Verhältnis zum Sanskrit (Christiania: Brøgger) I fulltekst ved nb.no
- 1889 - Vokal- og Konsonantstammer
- 1890 – Den græske Nominalflexion sammenlignende fremstillet i sine Hovedtræk (Christiania: Alb. Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
- 1894 - Zu den phrygischen Inschriften aus römischer Zeit
- 1897 - Zum Phrygischen
- 1897 - Indogermanische Forschungen
- 1898 – Dansk-norskens Lydhistorie : med særligt Hensyn paa Orddannelse og Bøining (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Hjalmar Falk, Alf Torp]
- 1900 – Dansk-norskens syntax i historisk fremstilling (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Hjalmar Falk, Alf Torp]
- 1902 - Etruskische Monatsdaten
- 1903 – Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog. B. 1 : A-M (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Hjalmar Falk, Alf Torp]
- 1903 – Gamalnorsk : maallæra, lesestykke, ordlista : til bruk for ungdomsskulen (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Marius Hægstad, Alf Torp]
- 1905 - Bemerkungen zu der etruskischen Inschrift von S. Maria di Capua
- 1906 – Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog. B. 2 : N-Ø (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Hjalmar Falk, Alf Torp]
- 1909 – Gamalnorsk ordbok : med nynorsk tyding (Kristiania: Samlaget) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Marius Hægstad, Alf Torp]
- 1909 – Wortschatz der germanischen Spracheinheit (Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Alf Torp, Hjalmar Falk]
- 1913 – Festskrift til professor Alf Torp paa hans 60 aars fødselsdag : 27. september 1913 (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Olaf Broch, Alf Torp]
- 1919 – Nynorsk etymologisk ordbok (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 «Alf Torp» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Isaksen, Asbjørn (1911). Professorer, docenter, amanuenser, stipendiater samt øvrige lærere og tjenestemænd 1911: kortfattede biografier med 164 portrætter og et gruppebillede av Det akademiske kollegium. Kristiania: Gyldendal.
- Denne artikkelen bygger på «Alf Torp» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juni 2007.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Gran, Gerhard (1919): «Alf Torp», i Norsk aandsliv i hundrede aar III. Kristiania: Aschehoug.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Alf Torp i Sikt (BIBSYS)
- (no) Bøker av Alf Torp hos Nasjonalbiblioteket
- Søkbar digitalkopi av Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog af Hjalmar Falk og Alf Torp (originalutgave fra 1903-06, faksimileutgave utgitt av Bjørn Ringstrøms antikvariat 1991)