Alfred Lacroix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Lacroix
Alfred Lacroix.jpg
FøddFrançois Antoine Alfred Lacroix
4. februar 1863
Mâcon
Død16. mars 1948
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdemineralogi
Yrkegeolog, mineralog, universitetslærar, vulkanolog, petrographer
InstitusjonarÉcole pratique des Hautes Études
Muséum national d'histoire naturelle
Q110597698
Alma materFaculté des sciences de Paris
École supérieure de pharmacie
DoktorgradsrettleiarFerdinand André Fouqué
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg
Det russiske vitskapsakademiet
Société géologique de France
National Academy of Sciences
Serbias vitenskaps- og kunstakademi
Accademia delle Scienze di Torino
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Antoine François Alfred Lacroix (4. februar 186312. mars 1948) var ein fransk mineralog og geolog. Han var fødd i Mâcon i Saône-et-Loire.

Alfred Lacroix tok doktorgraden i Paris i 1889, som student under Ferdinand André Fouqué. Fouqué tok berre Lacroix som student om han ville gifte seg med dotter hans. I 1893 fekk han stilling som professor i mineralogi ved Jardin des Plantes i Paris og i 1896 vart han direktør for det mineralogiske laboratoriet i École des Hautes Études.

Han studerte særleg mineral tilknytt vulkanske fenomen og vulkanske bergartar, effektane av metamorfose og mineralårer i forskjellige delar av verda, særleg i Pyreneane. I dei mange avhandlingane sine skreiv han om mineralogien og petrologienMadagaskar og publiserte ei avhandling om utbrota på Martinique, La Montagne Pele et ses éruptions (1904).

Han gav òg ut eit viktig verk kalla Mineralogie de la France et de ses Colonies (1893-1898) og andre verk i lag med Auguste Michel-Lévy. Han vart medlem av Académie des sciences i 1904. I 1930 fekk han Penrose-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]