Alice Springs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alice Springs
Andre namn Mparntwe
Styresmakter
Land Australia
Grunnlagd 1872
borgarmeister Damien Ryan
Geografi
Flatevidd 149 km²
Flatevidd
 - By

148 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

27 481
  178/km²
Tidssone UTC +9.30 (UTC9.30)
Diverse anna
Heimeside: http://www.alicesprings.nt.gov.au/

Alice Springs, også kjend som Alice og the Alice, eller Mparntwe av arrernte-aboriginarar frå området, er ein by i Northern Territory i Australia. Med 27 481 innbyggjarar (2008) er han den nest største byen i delstaten, etter Darwin. Katherine er den einaste andre staden av ein viss storleik i delstaten. Alice Springs ligg midt i Australia, mellom Darwin og Adelaide.

Byen er best kjend i utlandet frå romanen A Town Like Alice (norsk En by som Alice) av Nevil Shute, som har noko av handlinga si lagd her. Den aboriginske heilage staden og australske landemerket Uluru (Ayers Rock) ligg òg i nærleiken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alice Springs blei grunnlagt som Stuart, ein base for reisande gjennom med kamelkaravane gjennom den australske ørkenen. Busetjinga låg ved det pemanente vassholet Alice Springs, kalla opp etter kona til Charles Todd som var postmaster for Southern Australia. Todd sjølv gav namnet til elva Todd, som byen òg ligg ved sida av.

Busetjinga flytta vekk frå vassholet til jarnbanelinja The Ghan då denne nådde området i 1929, men Alice Springs blei fortsatt brukt som namn. I 1933, etter mykje debatt, blei dette det offisielle namnet på byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alice Springs
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.