Alicia de Larrocha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alicia de Larrocha
Alícia de Larrocha i de la Calle (1983).jpg
Fødd23. mai 1923
FødestadBarcelona
Død25. september 2009
DødsstadBarcelona
FødenamnAlícia de Larrocha i de la Calle
OpphavSpania
Instrumentpiano
Verka sompianist, komponist
Prisarkommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Fyrsten av Asturias' pris for kunst, Medalla d'Or de la Generalitat de Catalunya, honorary doctorate of the University of Lleida, Ridder av Æreslegionen, Premio Nacional de Música, Medalla de Oro al mérito en las Bellas Artes

Alicia dei Larrocha y de la Calle (23. mai 192325. september 2009) var ein spansk pianist og komponist. Ho er blitt kalla ein av dei største pianistane i sin generasjon.[1][2][3]

Ho vann fleire Grammy-prisar og ein Fyrsten av Asturias-pris. Ho er blitt gjeven æra for å ha gjort verka til Isaac Albéniz og Enrique Granados meir kjende.[1] I 1995 blei ho den første spanske kunstnaren tl å vinna UNESCO-prisen.[3]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Alicia de Larrocha vart fødd i Barcelona i Spania,[4] der ho studerte piano saman med Frank Marshall allereie frå ho var tre år gammal. Då ho var seks hadde ho sin første konsert, og sin første orkesterdebut i ein alder av elleve. I 1947 byrja ho ein internasjonal turne, med ei rekkje pianosolistparti på repertoaret. Ho er mest kjend for sine innspelingar av Enrique Granados og Isaac Albéniz sine verk

I 1995 var ho ein enno aktiv pianist, men ho måtte gjera visse tilpasninger etter kvart som ho vart eldre. Ho var liten av vekst, under 150 cm høg, og hendene hennar var små for ein pianist.[1][5] Dette gjorde at ho blant anna måtte slutta å spela Rakhmaninov.

Ho vann ein Grammy-pris i 1975 og ein i 1992. Då var ho nesten 70 år gammal. I 1994 fekk ho Fyrsten av Asturias' pris for kunst.

De Larrocha trekte seg tilbake frå offentlege opptredenar i oktober 2003, då ho var 80 år gammal, etter ein 76 år lang karriere.[5][4] Ho døydde 25. september 2009 på Hospital Quirón i Barcelona i ein alder av 86. Helsetilstanden hadde forverra seg gradvis etter at ho brekte låret to år tidlegare.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Webb, Jason (26. september 2009). «Renowned Spanish pianist de Larrocha dead at 86». Reuters. Henta 26. september 2009. 
  2. 2,0 2,1 Allan Kozinn (26. september 2009). «Alicia de Larrocha, Pianist, Dies at 86». The New York Times. Henta 17. november 2016. 
  3. 3,0 3,1 Adrian Jack (26 September 2009). «Alicia de Larrocha obituary». London: The Guardian. Henta 26. september 2009. 
  4. 4,0 4,1 «Pianist Alicia de Larrocha dies». CBC News. 26 September 2009. Henta 26. aeptember 2009. 
  5. 5,0 5,1 «Alicia de Larrocha, Renowned Pianist, Dies at 86». Time. 26. september 2009. Arkivert frå originalen 1 October 2009. Henta 26. september 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]